wotg skrev:
Dette var jo en idiotisk statestikktest. Kan ikke skjønne hva slags relevans en slik test har for noe som helst.
Meir relevant enn statistikktesten, er kanskje dei føringane han legg på diskusjonen..og ikkje minst dei reaksjonane som kjem frå dei som har tatt han...
Som retorisk grep er iallfall dette veldig interessant.
1. Omtrent hvor mange innvandrere og etterkommere av innvandrere bor det i Norge?
Riktig var: 460.000.
Dette er relevant i samband med spørsmålet om når Noreg vert oversvømma av innvandrarar, noko som visstnok fører til snik-islamifisering av landet vårt. Sidan innvandringa frå muslimske land starta på 70-talet, ser vi eit spennande tidsperspektiv. Svaret på neste spørsmål burde roe ned også dei mest schizofrene av oss:
Hvor mange av dem har bakgrunn fra Europa? Riktig var: 200.000.
Max 240 000 innvandrarar utanfor Europa skulle utgjere relativt få muslimar, all den tid det også er andre folkegrupper som kjem hit...
Hvilket land kommer det flest innvandrere fra, hvis vi regner med både første og annen generasjon? Riktig var: Polen, etterfulgt av Sverige og Pakistan.
Ein konsekvens av EU sitt frie flyt, eller? Uansett skulle vel dette føre til andre utfordringar enn islamifisering, skulle ein tru...
Omtrent hvor mange personer med muslimsk bakgrunn, inklusive både troende og ikke-troende, lever i Norge? Riktig var: 120.000.
Så når vi har hatt ein "flaum" på kanskje 5 000 muslimar i året, vil det ta over 900 år før dei har nådd eit folketal tilsvarande resten av oss. Det vil altså gå vesentleg seinare enn å innføre kristendomen i staden for æsetrua...
Hvilken religion tilhører de fleste tamilere? Riktig var: Hinduisme.
Ein religion som slett ikkje har nokon plass i debatten i dag. Uviktig, kanskje, all den tid hinduar ikkje driv nokon form for misjonering?
Hva sier Koranen om henholdsvis kvinnelig og mannlig omskjæring? Riktig var: Ingenting.
Noko som leier oss til eit anna spørsmål: Har dette spørsmålet vorte større i media enn det som burde vere naturleg ut frå det verkelege omfanget? Sjølvsagt tragiske overgrep for den det gjeld, og noko som sterkt bør fylgjast opp. Men korleis? Bør vi stille strengare krav til kompetansen åt imanane som skal snakke om dette, der det vert "flagga" som religiøst betinga. Og kanskje det bør omsnakkast i større grad - folkeopplysning for dei gruppene som har slik praksis kan kanskje vere eit fornuftig tiltak?
Hvor høy er arbeidsledigheten blant innvandrere i Norge?
Riktig var: 5 prosent.
Har arbeidsledigheten blant innvandrere steget eller sunket de siste 10 år?
Riktig var: Sunket.
Innvandrarar er altså flinkare enn etniske nordmenn å finne seg arbeid. Ganske naturleg eigentleg, dei fleste er vel her for å jobbe. Men det kan vere mørketal også, i den grad innvandrarar kan ha eit meir "tradisjonelt" kjønnsrollemønster...eller er det berre eg som har fordomar?
Det er totalt ca. 11 000 kommunestyrerepresentanter i Norge. Omtrent hvor mange av dem har ikke-vestlig bakgrunn?
Riktig var: 140.
Det er altså ikkje den store politiske påverknadskrafta innvandrarane har. Det er urimeleg å tru at dei er eit trugsmål mot den norske kulturen. (då er det verre å sjå at så mange av dei ikkje vel nynorsk opplæring, sjølv om dei vil busette seg i typiske nynorskområde).
Det er mye snakk om integreringsproblemer blant ungdom med innvandrerforeldre. Omtrent hvor stor andel av denne gruppen mellom 19 og 24 år tar høyere utdannelse? Og hvor stor omtrent er andelen for samme aldersgruppe i befolkningen som helhet?
Riktig var: Ca. 35 prosent av ?annen generasjons innvandrere?, ca. 30 prosent i befolkningen som helhet.
Eit teikn på at norsk ungdom er giddalause, og treng innvandrarar til å utøve dei meir krevjande og ansvarsfulle oppgåvene i samfunnet vårt....ikkje sant?
(Elles greidde eg akkurat å kvalifisere meg for å halde innlegg i debatten).