- Ble medlem
- 30.03.2005
- Innlegg
- 4
- Antall liker
- 0
Har ein kinesiskbygd rørpreamp som lagar ein del knitre- og sprakelydar når den står på. Det verkar som at denne støyen økar noko i intensitet når den står på, og utan forvarsel kan den gå over til ein vanvittig kraftig hyle-lyd (tilsynelatande ein slags feedback). Har trudd at den har skulle tatt knekken på nautilusane mine fleire gongar, men det har heldigvis gått bra. Eg har sørgeleg lite kunnskap om forsterkarar, og lurer difor på om nokon her kan hjelpe meg på veg. Er dette noko som kan skyldast dårlege rør, eller bør eg levere den inn til nokon som kan kikke på den?