Eg hadde ein raptus m.o.t. segl og trebåt for mange år sidan. Dette måtte då vere glimrande? Så inviterte svogeren min oss med i ein seglbåt, og vi segla inn ein fjord på Austlandet (heldigvis ikkje ein lang Vestlandsfjord). Turen innover gjekk rimeleg greitt, i snekkefart, og det må ein akseptere. Men så skulle vi ut att, utan motorbruk. Det vart kryssing opp imot flau vind, og vi brukte 5 - 6 gongar så lang tid å komme oss ut fjorden som inn...
Dessutan hadde eg lena meg mot eitkvart ekkelt, så skjorta var øydelagd.
Det passar ikkje mitt temperament å bruke segl- og trebåt. Eg har vakse opp med båt (har vore reiar på eigen båt sidan 12-årsalderen etter å ha spart pengar til robåt i 18 månadar). Båten har eg brukt til:
- Å fiske
- som framkomstmiddel.
Dette er eit fundamentalt annleis båtliv enn det utbreidde "å være på vannet", som eg såg mykje av austpå - og i statane. Traff ein kar som var på båten sin kvar dag i sommarhalvåret. Men motoren hadde ikkje verka på 12 år......kjøleskåpet var derimot fullt av øl, og airconditonen gjekk for fullt, slik at marinaen hadde om lag same bakgrunnsstøyen som Vågen i Bergen kl 16.30 (eller kva tid det no var snøggbåtane la i frå kai).
Det vert som å samanlikne CD/transistor og vinyl/rør, med andre ord..... (og i dette tilfellet har eg mest sans for det effektive)
