Scheu Cantus og pick up?

TAF

Hi-Fi freak
Ble medlem
02.06.2006
Innlegg
1.407
Antall liker
499
Torget vurderinger
14
Hei folkens

Er det nåken som har kjenskap til denne armen og eventuelt hvilken pu i 7-8000 kronesrs klassen som passer den?

Eg ser for meg ein oppgradering på sikt(ila sommeren). Bruker min DV 10x5 som har fulgt meg i eit par år no og som eg er kjempe fornøyd med.
Min nye spiller fortjener ein oppgradering på pick up sida sjølv om eg synest 10x5 gjer ein formodabel jobb.

Har sjølv hatt i tankane både DV 17D3,Lyra Dorian/Argo og Benz Glider. Synspunkter rund dette?

Mvh
TAF
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.232
Antall liker
8.861
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
No har eg aldri prøvd Cantus-armen, men fekk fikle litt med han på Hortenmessa. Det verkar som ein uhyre gjennomtenkt arm, og eg reknar med han har gode resultat med mange pickupar, dersom han også verkar godt saman med 10x5. Denne pickupen er eigentleg lite krevjande, og kan gjere underverk på relativt enkle og greie armar i mellomvektklassen, som t.d. Rega RB 250. Cantus verkar som ein arm med langt større potensiale, så ei oppgradering er nok slett ikkje dumt.
Desse pickupane du nemner er alle svært gode, og kan reknast for å vere fornuftige kjøp til aktuelle prisar. Men dei er ganske ulike lydmessig, slik at det ikkje berre kjem an på kor godt dei matchar armen, men minst like mykje kva du trivest med, kva musikk du spelar, og anlegget elles.
Skal eg vere grovt overforenklande, vil hoppet frå DV10x5 til Dv17Dmk3 gjere at du opplever ei stor forbetring når det gjeld å gje att mest detaljar og dynamikk. Glider er utruleg musikalsk, og skulle garantere godt humør i dei fleste musikalske samanhengar ved å gje endå meir speleglede enn 10x5, medan Argo er både veldig dynamisk og ein stor formidlar av tredimensjonaliet, og den som verkeleg kan få superinnspelingane til å vise kva dei er gode for.
Alle tre er herlege til dei aller fleste musikksjangrar, og byr på svært flotte kvalitetar. Det er såleis vanskeleg å gje gode råd utan å kjenne deg og dine preferansar. Men eg er sikker på at ingen av dei vil gjere deg ulukkeleg...
Lukke til med valet!
 

TAF

Hi-Fi freak
Ble medlem
02.06.2006
Innlegg
1.407
Antall liker
499
Torget vurderinger
14
Takker for eit flott svar Arve.

Mine musikk sjanger er for det meste rock,prog,metal og blues,men kan glimte til med litt rocka jazz av og til.

Liker stort lydbilde med god dybde og 3D. Glad i god/presis bass også.

Mvh
TAF
 
Topp Bunn