Eg må innrømme å ha svært dårleg kunnskap om Ortofon sine DJ-pickupar, men prøver å la vere å meine så mykje om slikt eg ikkje har høyrt. SL 1200 er ein utmerka platespelar, som eg har brukt/testa (og hatt til kvardagsbruk ei tid). Spelaren kan lage veldig god lyd med rette pickupane. Eg har hovudsakleg brukt Denon 103 i ulike utgåver, og med veldig godt resultat.
Det svakaste punktet til ein slik kombinasjon er DL103 sitt relativt unyanserte lydbilde.
Sterkaste side er klangbalansen og den musikalske attgjevinga. Dette vil passe godt saman med Mozart Grand, vil eg tru. Her bør det vere ein vanleg god MC-riaa, av litt betre kvalitet enn det eg lenge hadde som "naudløysing", NAD PP2. Har ikkje prøvd på Cambrigde-riaaen, men det er ting som tyder på at dette er bra. Rudi tilrår også Musical Fidelity såpass tydeleg at eg hadde utforska desse to alternativa før eg brukte pengane til noko anna (Rudi er truleg den vinylkameraten eg kjenner som har best overblikk. Du kan sikkert sende han spørsmål om du lurer på noko). Desse to modellane, spesielt den minste, er iallfall ganske rimelege.
Går du opp på prislista, er mitt neste val ein Dynavector 10x5 med eit Zeepa pickupshell (eller eit anna av dei litt lettare). Fordelen med 10x5 er (ved sida av betre lydbilde enn Denon), er at dette er ein high output MC, som går rett inn i billege platespelar MM-inngongar utan problem. Dyrare pickupar går alltids an til spelaren, men det er ikkje dumt å vere litt edru i fyrstninga av festen.....
Ein annan rekningssvarande modifikasjon enn ny pickup og ny riaa, er å spandere på seg ei tjukk gummi- (eller kork) matte til tallerkenen, og ein passande platestrammar. Dette gjev utteljing på spesielt tynne 80-talsplater, men er unødvendig om du kjøper 180 og 200gramspressingar.
Så har vi ei dempeordning til armen som eg har prøvd, men ikkje fått til. Andre har gode erfaringar med dette, så det er kanskje eg som er treneva....?