Diverse Retrogardisme

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
6.104
Antall liker
6.675
Sted
Ein knaus
Prefix "diverse", men kunne sikkert vore noko anna.


William Heimdal, saman med Öde Nerdrum, er ein sånn gjengangar i media som kvelvar ut av seg forakt for det moderne samfunnet, saknar fordoms adel og ånd, og sjølvsagt måler figurativt etter mønster frå barokken. Sjølvsagt er dei på Instagram og reality-TV, dei sterkaste symbola på alt dei avskyr, men med passande avstand:
Jeg hater å bli filmet og å bli sett på, men jeg er nødt til å få maleriene mine ut i verden for å kunne leve av det. Derfor er jeg nødt til å takke ja til slike ting, sier maleren.
Dette er ikkje eit veldig originalt image (no pun intended), særleg ikkje om vi utvidar til litteraturen. Anti-modernisme er like gamalt som modernisme.

Samtidig, eg anar ikkje kva eg skal meina om det denne gjengen faktisk leverer. Eg kan ingenting om biletkunst. Eg antek at det er teknisk bra, men kor stor del av det å vera kunstnar er det å meistra slik figurativ teknikk, og er kvalitet lik nivået på teknikken?

Eg har alltid likt "Mordet på Andreas Baader" (gamle Nerdrum) men det er mest fordi eg har meint at det var ein stilig, abstrakt og intertekstuell kommentar å gjennomført framstilla (det høgst sannsynleg fiktive, men likevel mytiske) mordet som om det var eit bibelsk motiv av Caravaggio.

1694680493343.png
 

Dr_BASS

Hi-Fi freak
Ble medlem
18.12.2013
Innlegg
6.279
Antall liker
2.553
Sted
Rælingen
Torget vurderinger
4
Var i alle fall en frisk pris han ønsker for kunsten sin. Et bilde på under 1m2 skal han ha 200k for.
 

bia

Hvordan målte middagen i dag?
Ble medlem
03.04.2007
Innlegg
2.249
Antall liker
4.338
Torget vurderinger
10
En lokal kunstner uttalte om Nerdrum at han var flink til å kopiere de gamle mesterne, og det var det..
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
6.104
Antall liker
6.675
Sted
Ein knaus
@bia, det er det eg rett og slett lurer på.

Eg er, som sagt, ein komplett filister på dette feltet. Eg skjønar jo at det krev ein del teknikk å få til slike måleri, men er denne så vanskeleg å meistra at dette gjer at denne gjengen temmeleg sjølvhøgtidelege unggutar teknisk sett overlegne alle andre? Eller er det slik at retro-barokk fyrst og fremst er ein stil som forsåvidt flesteparten av dei som går ut frå ein grei kunstskule kan meistra, men vel å ikkje arbeida med?

Var i alle fall en frisk pris han ønsker for kunsten sin. Et bilde på under 1m2 skal han ha 200k for.
Eg trur han har teke utgangspunkt i kvadratmeterprisen på leiligheita der han arbeider. Dessutan, eg var med eine jentungen på sånn kunstutstyrsbutikk i går, og prisane på sånn oljemalingsutstyr får mildt sagt hifi til å verka som nøktern hobby.
 
Topp Bunn