Ja, du høyrer skilnad på materialet i platetallerkenen. Skal du ha skikkeleg effekt av akryltallerk (eller ymse andre stoff, og ein del matter) bør du ha platestrammar og evt. platekrans.
Det er sjølvsagt vanskeleg å samanlikne utelukkande platetallerkar (dei er som regel ein del av totalløysinga, og eg veit berre om Rega-tilpassa alternativ til standard, i tillegg til ulike tjukkleikar frå Clearaudio og ymse oppgraderingsgreier frå VPI, som eg ikkje er heilt sikker på). Men personleg likar eg veldig godt "særpreget" (det er litt drygt å kalle det platetallerk-eigenlyd) frå drivverka frå VPI, Clearaudio og Nottingham. Alle tre er "best" på ulike måtar, og i den litt høgre prisklassa byr dei på respektive kvalitetar som dynamikk, nøytralitet og "mørk bakgrunn" til lyden.
MDF har eg berre høyrt frå Goldring og ein annan relativ rimeleg spelar. Det funka for så vidt ok, men eg tykkjer desse rimelege spelarane mangla generelt mykje på dei andre eg nemnde, og også spelarar som min LP 12 (med metalltallerk)