Eg har eksperimentert ein del med plassering av elektronikk og signalkjelder.
Ingen ekstremskilnadar i lyd, så lenge underlaget er skikkeleg fast. Peishylla funka veldig godt. Plassering av rørforsterkarar i eit hjørne er ikkje optimalt, medan eg ikkje noterte meg noko spesielt med transistortrinn. Golv som ikkje eignar seg for vinylspelarar har heller ikkje god innverknad på rørforsterkarar, iallfall ikkje om det spelast høgt. Vegghylle løyser (nesten) alle problem.
Lange kablar er dummare enn korte kablar. Bruk av lange signalkablar funkar (nesten) alltid betre enn lange høgtalarkablar (ikkje nødvendigvis, mine gamle Kenwood L 07D ga blaffen i signalkabellengda, så lenge eg hadde ein fornuftig transistorforforsterkar i fronten). Kuttar du høgtalarkablane med 50%, vil du ganske sikkert oppleve lydforbetring (sjå vekk frå spesialkablar med spenning, eigne balanseringsopplegg o.l.)
Korte kablar er noko drit å halde på med når du skal skifte komponentar fort og effektivt.