Oddgeir og nynorsklauget - innkalling til årsmøte.

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Ser at Oddgeir har tatt initiativ til å danne ein ny organisasjon her, i staden for desse trauste hifi-klubbane.

Oddgeir, før du kan verte nestleiar, må vi ha årsmøte. Eg kan vere sekretær i interimstyret. Så her kjem innkallinga:

Sakliste til skipingsmøte i hifisentralen sitt nynorsklaug

1. Merknadar til innkallling.

2. Statuttar

3. Val.

4. (eitt årsmøte skal vel ikkje ha eventuelt, men eg er sekretær for interimstyret så jaggu meg skal vi ha, ja) Eventuelt

For interimstyret
 
G

Gjestemedlem

Gjest
Eg kan gladeleg vera i lag med dykk, med berre som styttemedlem eller leregut. Og kasserar om de ynskjer... ::)
 

Gjest.

Hi-Fi freak
Ble medlem
12.09.2006
Innlegg
6.224
Antall liker
934
Styttemedlem ;D

Med mine nynorskkunnskaper tror jeg at jeg bare får følge med fra sidelinjen - i all respekt.
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Kasserar er veldig viktig, har eg sett, når det skal lagast budsjett.
Men det er trist å ha eit slikt verv, når det skal lagast rekneskap.

Men det er storveges at du byr deg fram på denne måten.
Eg støttar fullt ut ditt kandidatur som kasserar.
 

oddgeir

Hi-Fi freak
Ble medlem
24.10.2005
Innlegg
7.597
Antall liker
10
Dette ser bra ut Arve, eg hadde tenkt på deg som leier i lauget, sidan du er den mest framståande nynorskbrukaren her i leikegrinda.
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
oddgeir skrev:
Dette ser bra ut Arve, eg hadde tenkt på deg som leier i lauget, sidan du er den mest framståande nynorskbrukaren her i leikegrinda.
Vel, sidan eg er nordfjording er eg for smålåten til å vere leiar utan at du nøydar*) meg...


Dessutan er eg såpass maktglad at eg heller vil vere sekretær, om det kan gå an...og så kan du vere leiar?
Hugs gamle Sovjetunionen, det er partisekrtærane vi minnest, ikkje presidentar og andre gallionsfigurar...

(*Nøyding: trygle nokon om å ta i mot ei gåve eller liknande. Brukast ofte når vertinna seier at kaffien er servert. Dette må seiast tre -fire gongar før gjestane går til bordet. Då har ho nøyda gjestane. Døme: Nordfjordingen hadde vore på besøk hjå slekta i Bergen, og kom heim att, sette seg ved middagsbordet og heiv innpå, aldeles ihelsvolten. Kjerringa spurte:
- Baud dei deg ikkje mat, slekta i Bergen?
- Baud gjorde dei, men dei nøydde meg ikkje.)
 
O

OldBoy

Gjest
Dette virker som nok en en organisasjon som trenger kvotering.

Å stenge oss ute, som ikke har nynorsk som morsmål, eller behersker nynorsk, er direkte udemokratisk og muligens lovstridig.

Derfor kan jeg godt stille som, NB! høyst passiv, proformamedlem, slik at alle kvotekrav blir oppfylt og at ingen nøkkelpersoner kommer i fengsel på grunn av slike bagateller.

:) :) :)
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
OldBoy skrev:
Dette virker som nok en en organisasjon som trenger kvotering.

Å stenge oss ute, som ikke har nynorsk som morsmål, eller behersker nynorsk, er direkte udemokratisk og muligens lovstridig.

Derfor kan jeg godt stille som, NB! høyst passiv, proformamedlem, slik at alle kvotekrav blir oppfylt og at ingen nøkkelpersoner kommer i fengsel på grunn av slike bagateller.

:) :) :)
Velkomen skal du vere. Du må ikkje sjå bort i frå at dette kan verte fornøyeleg etter kvart. Iallfall heilt fram til at Gjestemedlem har fått sendt ut krav om medlemspengar.....(årsmøtesak, sjølvsagt. Vi kan vel ta det under "statuttar"?)
 
O

OldBoy

Gjest
Koste, sier du? Skal det koste noe, kan det være det samme. Da får dere heller bli buret inne for diskriminering, hele gjengen.

:) :) :)

Men inntil videre, er jeg altså med.

:) :) :)
 
O

OldBoy

Gjest
Hvis "ekstremt låg" tolkes som nøyaktig lik null: ja.

Hvis ikke: nei.

:) :) :)
 
O

OldBoy

Gjest
Audiophile-Arve skrev:
OldBoy skrev:
Hvis "ekstremt låg" tolkes som nøyaktig lik null: ja.

Hvis ikke: nei.

:) :) :)
Om vi skal ha negativ medlemskontigent, må vi ha ei solid statsstøtte....då vert det nok null, ser det ut som...
Solid statsstøtte stemmer jeg gjerne for. Prinsipielt er jeg naturligvis mot all form for statsstøtte. Med mindre jeg selv kan ha nytte av det, naturligvis. Gjerne i form av negativ medlemskontingent.

Men i så fall tror jeg at vi straks må skynde oss å lukke døren for ytterligere medlemmer. Hvis ikke, blir dette veldig DYRT for skattebetalerne, og da går det neppe bra med vår søknad om statsstøtte. Et godt, dyrt, samfunnsnyttig formål med lave kostnader, men likevel med stor uttelling til de få involverte ildsjelene, må være en bærende forretningsidé her.

Kunne du få til noe slikt, er det mulig at jeg kan overveie å endre min medlemsstatus fra "passiv" til "aktiv".

Litt av en gulrot, det siste, håper jeg.

:) :) :)
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
OldBoy skrev:
Audiophile-Arve skrev:
OldBoy skrev:
Hvis "ekstremt låg" tolkes som nøyaktig lik null: ja.

Hvis ikke: nei.

:) :) :)
Om vi skal ha negativ medlemskontigent, må vi ha ei solid statsstøtte....då vert det nok null, ser det ut som...
1. Solid statsstøtte stemmer jeg gjerne for. Prinsipielt er jeg naturligvis mot all form for statsstøtte. Med mindre jeg selv kan ha nytte av det, naturligvis. Gjerne i form av negativ medlemskontingent.

2. Men i så fall tror jeg at vi straks må skynde oss å lukke døren for ytterligere medlemmer. Hvis ikke, blir dette veldig DYRT for skattebetalerne, og da går det neppe bra med vår søknad om statsstøtte.
3. Et godt, dyrt, samfunnsnyttig formål med lave kostnader, men likevel med stor uttelling til de få involverte ildsjelene,
4. må være en bærende forretningsidé her.

5. Kunne du få til noe slikt, er det mulig at jeg kan overveie å endre min medlemsstatus fra "passiv" til "aktiv".

Litt av en gulrot, det siste, håper jeg.

:) :) :)
1. Dette må vel seiast å vere ein etter måten vanleg synsstad, særleg i visse politiske krinsar? Eg har full forståing.
2. Her har vi paradokset at statsstøtte gjerne er proporsjonal med talet på medlemer, så eg trur du må gå djupare inn i problemstillinga....men det er opp til styre og årsmøte å ta avgjerder om korleis eventuelle inntekter skal brukast.
3. Det er vel vanskeleg å tenkje seg noko meir samfunnsnyttig enn å fremje nynorskfrekvensen innan hifiartikulasjonen? Eller?
4. Hysj! Forretningside er eit omgrep som kom med jappetida og borgar lite for statsstøtte, iallfall før Høgre, Venstre og FrP kjem til makta. Vi må ha ideala oppe i staden. Lat oss snakke om "føremål".
5. Når ein tenkjer på kva tilhøve nynorsken har for tida, må vi vere takksame for alt som byr seg..
 
O

OldBoy

Gjest
Audiophile-Arve skrev:
5. Når ein tenkjer på kva tilhøve nynorsken har for tida, må vi vere takksame for alt som byr seg..
Og eg som allereie har lagt meg i hardtrening til å stå fram som ein framifrå støttespelar. Eg har jamvel teke fram og børsta støv av nynorskordboka mi. Ikkje berre det, eg har opna han òg. Det knirka fælt, det gjorde det, men det gjekk bra.

Neste steg vert å finne ut om Vindaugane (Windows) har ein stavekontroll for nynorsk og korleis eg aktiverar han. Berre vent, om litt kjem nynorsken din til å likna gammeldansk, jamført med min.

:) :) :)
 
G

Gjestemedlem

Gjest
Når det gjeld kontigent vonar eg at eit eiget myntslag er høveleg. Vaflar skulle vera eit greit betalingsmedel.

ANV (Audiofile NynorskVaflar) kling vel ikkje so ille? Men for at sleke skal verta godtekne som betalingsmedel krevst det at dei er utstedte på eit vafflejern med ein audiofil stømkabel.

Og som nokon i slekta brukar å seie: Me har til å by men ikke til å nøyde.
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Gjestemedlem skrev:
1. Når det gjeld kontigent vonar eg at eit eiget myntslag er høveleg. Vaflar skulle vera eit greit betalingsmedel.

ANV (Audiofile NynorskVaflar) kling vel ikkje so ille?

2. Men for at sleke skal verta godtekne som betalingsmedel krevst det at dei er utstedte på eit vafflejern med ein audiofil stømkabel.

3. Og som nokon i slekta brukar å seie: Me har til å by men ikke til å nøyde.
1. Eg er noko usikker på om ein kan få statstilskot i ANV. Og så vil vi ryke inn i dei evinnelege diskusjonane om:
a) lagring (skal dei frysast, eller skal vi basere oss på hovudlaus tilsetting av E-stoff?)
b) smørjing (det finnest iallfall fem ulike skular innan vaffelsmørjing smør, margarin/sukker, smør/brunost, røme/jordbærsylte, lettrøme/jordbærsylte lett, berre jordbærsylte, bringebærsyltevariantar og ei rekkje kombinasjonar av dei ovanståande...det vert sikkert behov for ei bråte kasserarar, og tenk på medlemsmøta, for eit griseri....

2. Alle har vel Nordost vaffeljarn, så det burde gå greitt. Men kva med kaffitraktaren? Vaflar og kaffi høyrer saman som pickup og riaa, for å ta eit bilete alle burde skjøne.

3. Så du er sunnmøring? Nøydar ikkje? Jaja, Ivar sjølv kom no derifrå, så vi får vel halde ut med deg....(ikkje så veldig vondt meint, far min kom frå Sunnmøre, så eg kjenner grådigheita ri meg frå tid til anna, eg og)
 
G

Gjestemedlem

Gjest
Audiophile-Arve skrev:
3. Så du er sunnmøring? Nøydar ikkje? Jaja, Ivar sjølv kom no derifrå, så vi får vel halde ut med deg....(ikkje så veldig vondt meint, far min kom frå Sunnmøre, så eg kjenner grådigheita ri meg frå tid til anna, eg og)
Er frå Bergen men noko av slekta kjem frå Sotra. Så dette uttrykket er nok mest tenkt på som eit motsvar hvis nokon skulle føle at dei blir pådytta meir enn dei klarar å ete ved kaffibordet.
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Gjestemedlem skrev:
Audiophile-Arve skrev:
3. Så du er sunnmøring? Nøydar ikkje? Jaja, Ivar sjølv kom no derifrå, så vi får vel halde ut med deg....(ikkje så veldig vondt meint, far min kom frå Sunnmøre, så eg kjenner grådigheita ri meg frå tid til anna, eg og)
Er frå Bergen men noko av slekta kjem frå Sotra. Så dette uttrykket er nok mest tenkt på som eit motsvar hvis nokon skulle føle at dei blir pådytta meir enn dei klarar å ete ved kaffibordet.
Å, på den måten. Strilane hadde vel nok av mat i inntil fleire generasjonar etter kvarandre, så det var kanskje ikkje så nøye for dei.
 

ArtDeco

Overivrig entusiast
Ble medlem
21.08.2003
Innlegg
888
Antall liker
59
Sted
Modum
Nå No er det vel slik sånn at trossamfunn får statsstøtte? Kan dere ikke bare danne deres eget trossamfunn, "me som trur platespelarar" eller noko sånt?
 

oddgeir

Hi-Fi freak
Ble medlem
24.10.2005
Innlegg
7.597
Antall liker
10
Ein må få fleire interesserte på plass før eit styre kan veljast. Eg kjenner på meg at dette vert bra.

Kanskje kunne vi skipe ei reise til Ivars røter der nordvest? Framlesing av dikt, nedleggjing av krans høyrer med, og til slutt eit glas øl på Viking Fjord Hotell? Kven veit?
 

Komponenten

Hi-Fi freak
Ble medlem
18.08.2005
Innlegg
7.081
Antall liker
6
Kan eg få vere med? E det greit om eg skrivar på bergensk??

Eg kan prøva å skriva på nynorsk, verre en Deph er eg neppe, men eg trur det vil verte mykje raude strek...
 

oddgeir

Hi-Fi freak
Ble medlem
24.10.2005
Innlegg
7.597
Antall liker
10
Flott Kompo, du har vore sårt sakna. Hjarteleg velkomen skal du vere. Eg reknar med at sekretær og seremonimeister Arve tek seg av formalitetane.
 

Pink_Panther

Æresmedlem
Ble medlem
23.03.2006
Innlegg
21.103
Antall liker
11.876
Jeg vil ikke bidra med noe fra min dialekt her. Tykke L-er lar seg ikke skrive og -ær ending på substantiv i flertall ser bare dumt ut. (Bilær, båtær....)
 
O

OldBoy

Gjest
Det er ikke spørsmål om å bidra her. Ikke annet enn at du og jeg kan stå på medlemslisten og sørge for at disse gutta, og damen (også kalt Komponenten), kan få statsstøtte, slik at alle, inkludert du og jeg, kan nyte godt av den såkalte "negative medlemskontingenten".

Jeg tenkte i utgangspunktet at jeg skulle skrive dette på nynorsk, men da hadde dere nok måttet vente til Sankt Hans, uvisst hvilket år.

Det er visse ulemper knyttet til å være med i fremmedspråklig forening, men hvis det kan dryppe noe statsstøtte, er det verdt bryderiet. Håper bare at vi slipper å få belønningen vår i Audiofile Nynorske Vafler. Norske kroner eller Euro, takk!

:) :) :)
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Det har lite å seie kva dialekt ein er utstyrt med. Nynorsk er fyrst og framst eit skriftspråk, sjølv om det har sitt opphav i dialektar, ein god del austnorske, men eigentleg mest vestnorske dialektar (vestnorsk er ein eigen språkterm, og omfattar ikkje berre Vestlandet. Det går stort sett heile vegen frå Egersund til den delen av Finnmark der det var stor innflytting sørfrå. Aasen kom aldri langt nok nord, men om han hadde gjort det, ville nok resultata neppe vore særleg annleis. Det er lite formskilnad mellom desse dialektane, men det er det til dei austnorske, som er utbreidde i det rurale Austlandet, Trøndelag og Romsdal.)

Mitt råd til dei som har hatt nynorsk som sidemål, eller er ganske rustne i nynorskbruken: Fylg dialekten din. Langt på veg vil du treffe iallfall sideformer som kan aksepterast. (For meg sjølv er eg så heldig at dialekten stort sett samsvarar heilt med standardformene, bortsett frå ein del høgfrekvente ord som eg for lengst har tilpassa. Døme: Noko i staden for nåke. Kva i staden for ka.

Dersom alle er komne, er møtet satt. På grunn av webforum-forma, er møtet ope fram til at alle har kvittert. Vi har ei saftig sakliste, og eg håpar møtelyden er innstilt på at dette kan ta noko tid. Sjølvsagt kunne vi gjort dette meir effektivt, men det vert langt frå så morosamt, og vil dessutan vere på sida av føremålet.

Fyrst må vi ha val av ordstyrar. Referent er ikkje naudsynleg, då forma er skriftleg (Høvding, inga sletting her, takk, uansett kva som måtte inntreffe.....).
Er det noko framlegg til ordstyrar? (medan de svarar på dette, går eg og drikk raudvin og speler pil saman med kona)

For Kompo; det er langt på veg greitt å bruke bergensk av det noverande slaget, men hugs at vi må ha med oss hokjønn. Det er eit must for oss nynorskfolk.
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
pemek skrev:
ArtDeco skrev:
Nå No er det vel slik sånn soleis at trossamfunn trusamfunn får statsstøtte? stønad frå staten. Kan dere ikke bare danne deres eget trossamfunn, "me som trur platespelarar" eller noko sånt i den retninga. ?
Som i alle språksamfunn er det vel på sin plass at ein snarast diskuterer kva normal som gjeld for rettskriving som gjeld her inne?
2008 er ellers året for mangfald. Det må vel tyda at ordskifte om transistorar, pentodar, triodar, dynamiske element så vel som horndrivarar er tillatne i lauget. For ikkje å snakke om både alnico og ferrit magnetar, mm og mc.
Kablar derimot! Ein stad må grensa gå!!!
Dette får vi ta opp under eventuelt....
 
O

OldBoy

Gjest
Audiophile-Arve skrev:
Mitt råd til dei som har hatt nynorsk som sidemål, eller er ganske rustne i nynorskbruken: Fylg dialekten din.
"Fylg dialekten din" likte jeg. Da kaster jeg nynorskordboken i søppelbøtten og fortsetter som før, tror jeg. Men stadig medlem, og stadig ute etter denne omtalte negative medlemskontingenten.

:) :) :)
 

pemek

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
20.09.2005
Innlegg
483
Antall liker
11
Sted
Bergen
[/quote]
Dette får vi ta opp under eventuelt....
[/quote]

Då har eg ein sak til under evt. Sjølvsagt må vi ha ei liste over nynorskfolk med greie på gode platespelarar. Nr 1. kan vere Nrk dama Svanhild Mundheim med sin Thorens TD 124.
 

Vedlegg

O

OldBoy

Gjest
Platespelarararar, du liksom.

Da har vi en fraksjonsstrid på gang. Vinylfolket mot digitalfolket. Spørsmålet er om dette i det hele tatt er en sak for nynorsklauget, eller om det hører hjemme i et annet laug.

:) :) :)
 

pemek

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
20.09.2005
Innlegg
483
Antall liker
11
Sted
Bergen
OldBoy skrev:
Platespelarararar, du liksom.

Da har vi en fraksjonsstrid på gang. Vinylfolket mot digitalfolket. Spørsmålet er om dette i det hele tatt er en sak for nynorsklauget, eller om det hører hjemme i et annet laug.

:) :) :)
Strid mellom fraksjonane høyrer heime i ALLE gode organisasjonar. Men, no er du alt inne i sak to: statuttar. Vi får vente på dom frå sekretæren.
 

ErosLoveking

Æresmedlem
Ble medlem
03.02.2004
Innlegg
15.686
Antall liker
3.906
Sted
Oslo
Audiophile-Arve skrev:
No held vi oss til aasaskelista. Eg er skitfull (kåna sjeknte meg), så mitt nest elinnleg ver ti morgon sånn i ti--tteia .
Hååpar det gå rregitt.
Helsing meg - mo det eikje r problem med at eg tek jobben som rodsrstyr
Skjenker meg selv jeg..... ;)
God trening i det ;D
 

Komponenten

Hi-Fi freak
Ble medlem
18.08.2005
Innlegg
7.081
Antall liker
6
Skulle akkurat te å skrive en bekymringsmelding angående vår dritafulle sekretær, men no e han visst komt til hektene igjen.. Kem skulle trodd at A-Arve av alle, plutselig skulle pådra seg rekorden i antall skrivefeil i ett innlegg... også i denne tråden. :eek:

Slettet du det din slaur?? ;D

Burde ikkje et mållag kun skrive på dialekt? Alle har jo en dialekt, og det e jo det som e ens "mål", så en hver dialekt burde vel då vere godkjent?


Du må gjerne vere ordstyrer, skriver og alt du ve Arve..
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Komponenten skrev:
Skulle akkurat te å skrive en bekymringsmelding angående vår dritafulle sekretær, men no e han visst komt til hektene igjen.. Kem skulle trodd at A-Arve av alle, plutselig skulle pådra seg rekorden i antall skrivefeil i ett innlegg... også i denne tråden. :eek:

Slettet du det din slaur?? ;D

Burde ikkje et mållag kun skrive på dialekt? Alle har jo en dialekt, og det e jo det som e ens "mål", så en hver dialekt burde vel då vere godkjent?


Du må gjerne vere ordstyrer, skriver og alt du ve Arve..
Sjølv om eg då har vore litt slaurete, skjønar eg at Kompe har gjort framlegg med meg som ordstyrar.
Ja, eg sletta. Dette vart for drygt. Og så var eg ikkje sikker på om det gjekk an å slette, sist eg prøvde var denne funksjonen utilgjengeleggjort av Høvding.
Men det gjekk heilt fint. Det dumme er sjølvsagt at eg, som historieinteressert, prøver å endre dokumentasjonen av det faktum at eg ikkje var heilt god i går. Pinleg, sjølvsagt, men eg er rimelg fornøgd med at det ikkje er webkamera her...

Ein annan dum ting, er at Eros har sitert meg.....sånn kan det gå!

Men eg må då kommentere kva Kompe seier:
I Oddgeir sitt initiativ til laug tolkar eg ein intensjon gjennom namnet om at nynorsk skal vere laget sitt føremål. Vidare er lauget av natur (www.hifisentralen.no er vårt eksistensgrunnlag) skriftleg. Det vil også vere best at vi held oss til nokonunde normert skriftspråk ut frå framtidige historiske behov, når laugsaktiviteten vert etterrøykt av forskarar.

Dessutan vert det håplaust å rette.

Så eg går for at vi held oss til nynorsk skriftspråk, men at vi opnar for sideformer (legg merke til at nynorskordboka er dobbelt så tjukk som bokmålsordboka, så de har mykje å boltre dykk i)

Då er eg ordstyrar, om det ikkje kjem fleire framlegg.
(klubbe har vi ikkje. Det er kanskje ikkje naturleg. Men om det skulle bli behov, går eg for å bruke ein 8) om det ikkje er motførestillingar)

Er det elles merknad til innkallinga?
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Kabeldragern skrev:
Jeg ser ironien (trur eg), men disse gutta ga oss vel et bilde på alt rundt nynorsk og dens kamp for å overleve... ;D ;D ;D
Jau då, morosamgutane er fine, dei, med ironien sin.
Eg likar desse godt også:
http://no.wikipedia.org/wiki/Radio_Røynda
(ordstyrar er i det lunet at digresjonar fell ganske naturleg. Årsaken til dette kan lesast ut av tråden her, men ligg også i ordstyrar sin taletrengde natur, og det faktum at han har skrivefart på ca 340 ord i minuttet på tastaturet når han er edru. Det skal lite til for å slå ut ein så fintrimma toppidrettsutøvarkropp, jfr tidlegare sletta innlegg, men no får ordstyrar gjere seg ferdig med akkurat dette)
Om det ikkje er merknad til innkalling (eigentleg litt rart, vi har vel ikkje hatt innkalling? Vi kunne jau starta ein ny tråd med ny tittel, eller endra tittelen på denne tråden?) til skipingsmøte, kan vi kanskje gå vidare til saklista?
 

Komponenten

Hi-Fi freak
Ble medlem
18.08.2005
Innlegg
7.081
Antall liker
6
Audiophile-Arve skrev:
(Høvding, inga sletting her, takk, uansett kva som måtte inntreffe.....).


For Kompo; det er langt på veg greitt å bruke bergensk av det noverande slaget, men hugs at vi må ha med oss hokjønn. Det er eit must for oss nynorskfolk.
Bare for å gni det inn, snakk om å gå på trynet i startgropen... ;D ;D

Takk til eros for dokumentasjon.. ;D

Men eg har i alle fall fått lov te å skrive på bergensk... med honkjønn. Siden eg er 100 % honkjønn dekkar eg jo den delen allerede, så det burde vel vere greit nok?

Eg har ingen merknader til innkalling ellar saksliste, om det no eksisterer ellar ei, la oss komme til saken(e) no då.

Eg overlatar ordet til ordstyraren..
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Då går vi i gong!

Ordstyrar opnar for å gje framlegg om eventueltsaker undervegs, men pålegg også framleggstillarar å minne oss om dei eventuelle eventueltsakene dei ynskjer å ta opp når vi eventuelt kjem til eventuelt på saklista. Altså til slutt.
Vi har ikkje sett noko tidsramme for skipingsmøtet, men for ordens skuld vil eg minne om at det er mange av oss som skal på påske- og sommarferie. Så vi må i alle høve greie å vere ferdige før jonsok.
Nettkommunikasjon har flott potensiale.
 

Pink_Panther

Æresmedlem
Ble medlem
23.03.2006
Innlegg
21.103
Antall liker
11.876
Audiophile-Arve skrev:
For Kompo; det er langt på veg greitt å bruke bergensk av det noverande slaget, men hugs at vi må ha med oss hokjønn. Det er eit must for oss nynorskfolk.
Det er det vanlege. Omsynet til kjønnskvotering gjeng føre kompetanse......
 
Topp Bunn