Nybyrjar prøver romkorreksjon med REW og Squeezebox

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • kjetinho

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    22.03.2005
    Innlegg
    788
    Antall liker
    22
    Nei, men eg la ut spørsmål på Audiolense-forumet.

    Fann ut at eg skulle prøve å avinstallere Inguz og installere det på nytt. Mappestrukturen var litt merkeleg, så eg tenkte det kunne ha noko med oppgradering til Win 8. å gjere. Etter at eg gjorde dette kom InguzEQ\Impulses på ein ny stad, og no ser det ut til å virke. I morgon får eg tid til å prøve, men det høyrdes lovande ut etter 1 minutts test med Paul Simon sin You're the one.
     

    kjetinho

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    22.03.2005
    Innlegg
    788
    Antall liker
    22
    Då har eg fått prøvd litt forskjellige target-kurver og korreksjonsfilter. Det som utmerkar seg mest er at eg plutseleg høyrer alle instrumenta i eit opptak skikkeleg. Det framstår meir ryddig, bassen er strammare og meir definert.

    Med target-kurvene byrjar eg enkelt med rette linjer med varierande grad av tilt og avrunding i kantane.

    Nokre opptak kan virke litt tamme, men eg trur ikkje det har noko med dynamikken å gjere. Trur kanskje det at eg har vent meg til nokre frekvenstoppar, og at det virkar litt tamt i starten før tilvenning.
     

    kjetinho

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    22.03.2005
    Innlegg
    788
    Antall liker
    22
    Her er nokre bilete frå måling og filtrering.

    Ufiltrert måling, venstre høgtalar
    Måling.jpg



    Filtrert måleresultat og filter
    filter.jpg



    Og her har me simulert resultat.
    korrigertTarget.jpg


    Kommentarar og innspel er velkomne. Er det ein fordel om eg let avrullinga av filteret i bassen fylje tettare på avrullinga i høgtalaren?
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn