1. Tidene forandrer seg. Finnes ulike typer av kreativitet. Å gi TV skylda for alt er vel å ta i. Hva med internett? Er det bedre?
2. Du aner ikke hvor mange krative banneord man kan komme opp med når ting går i mot. Hva er det med dere anti-idrettsfolk?
3. Hva er rett valg av musikk og hvem avgjør hva som er rett valg?
Jeg mener bare at TV er et underholdningsmedium og som med alt annet er overdreven bruk selvfølgelig ikke bra. Selv sitter jeg altfor mye på internett.
Hva hvis man kopler nyttårskonserten til stereoanlegget? Blir man dum eller kreativ?
No er det mange typar kreativitet, som du seier, og eg snakkar om den mest spennande, den kreative alfa-kreativiteten. Til ein viss grad kan det hevdast at kryssordsløysing også er kreativt, men dette er i hovudsnakk om ein deduktiv prossess. Å lage kryssordet er den kreative biten her.
Å lese ei bok, er ei totalt anna oppleving enn å sjå filmen, er dei fleste einige om. Om du er ein habil boklesar, merkar du sikkert ein frustrasjon over at bilda du har inne i hovudet etter å ha lese boka fyrst, ikkje stemmer når du ser filmen. Du slepp altså i stor grad unna assosiasjonsprosessen når du ser bilda. Nokre filmatiserte bøker funkar berre ikkje i det heile tatt. Sjå berre på Haikerens guide til galaksen, som har vore filmatisert fleire gongar, men fangast av dei assosiasjonar og verkemiddel filmprodusentane avgrensast av. Boka leste eg heldigvis lenge før filmane, så eg hadde "rollelista" og "kulissane" klar.
Internett er nok mykje av det same som TV, dvs. det brukast slik. Men der det er interaksjon mellom menneske (eller mellom menneske og program, til ein viss grad), er ting annleis.
Eg kan absolutt vere med på at visse ting innan TV kan vere kreativt stimulerande. Problemet er kommersielt TV, som nesten alltid handlar om å vere den mest konforme, som pr. definisjon har mest sjåarar, og dermed størst inntektspotensiale på annonsar. Difor er eg eigentleg fornøgd med NRK (sjølv om desse "presenterast av"-vignettane irriterar noko vake)
2. Språkleg kreativitet er svært avansert, og vert verdsett av mange. Legg merke til kor godt amerikanarar likar kreativ ordbruk av utlendingar som ikkje snakkar engelsk "the king's way". (I sterk motsetnad til mange engelskmenn)
Personleg har eg til ei viss grad forståing for at fotball kan vere kreativt. Det er ein kreativitet liknande på haiku-dikting, der variasjonar skal skje innanfor ei strengt definert form. For meg er det drepande kjedeleg å bruke så lang tid på å sjå noko som kan kokast ned til anten H - U - eller B... men kvar sin smak. Og eg aksepterar at NRK brukar litt lisenspengar på sånt (det skulle då berre mangle). Men det er eigentleg ikkje nødvendig, då TV2 , 3 og TVN i utgangspunktet er så konforme at dei slest også om dette. Og når dei fleste får inn minst ein av desse to kanalane..
3. Mozart-teorien har eg høyrt. Han er kontroversiell. Men eg veit at visse musikksjangrar stressar meg meir enn andre, og får assosiasjonane og tankane til å gå i bestemte baner. Det ligg noko kreativt å bryte sine eigne grenser for kva ein orkar høyre på til ulike tider. Muzak og bakgrunnsmusikk er noko heilt anna, som berre er der for å konsolidere og forsterke det du alt er og driv med. Det er ikkje kreativt stimulerande, vil eg tru.
Eg brukar også internett for mykje. Men heldigvis mest til debattar (og publisering av ymse). Eg ser ein del avgrensingar i handlingsrommet, akkurat som fotballsjangeren.....
Har du lagt merke til skilnaden mellom rein musikk og musikkvideo? Det er lettare å halde konsentrasjonen om noko monotont/kjedeleg om du kan stimulere det musikalske med noko visuelt. Men eg er slett ikkje sikker på at dette verkar positivt inn på det kreative.