Har nettopp fått DC 200 med Advanced PS frå Origin Live. Hadde inne mitt DC 100 -oppsett til rep. på fabrikken. Det forsvant i posten på veg hit. Dermed oppgraderte eg til DC 200. Morro å bli positivt overraska! Hadde ikkje rekna med såpass store endringar. Endå mindre støy. Motoren sjølv går vesentleg stillare enn den forrige. Men viktigare er den støyen som PU tar opp. Det var også bra med DC 100. Men det er blitt klart betre med 200. Det er reinare, meir avslappa, ein høyrer meir. Lydbilete blir klarare, fram-bak, plassering av stemmer og instrument, klarteikning av instrument / artistar, opptaksrom, klangnyansar, alt blir meir livaktig. Det låter delikat på storband f.eks. Bassen er klart meir solid og artikulert. OL reklamerer med det, og det høyrest ut til å stemme. Det er kontroll i klimaks i orkesterverk. Merkeleg at motor/motorstyring skal kunne bety så mykje. At støy er ein viktig faktor er greitt. Men at det skal bli så merkbare endringar elles er vanskelegare å forstå. Men moro er det.
Sigurd
Sigurd