65finger skrev:
det er mye brukt av rekruttere/researchere. Jeg har arbeidet i den bransjen i 12 år og blir litt dårlig av skrytet og alle anbefalingene (som ofte er lite verdt) Så trikset er å skape et så stort nettverk som mulig samt få folk til å fortelle hvor fantastisk dyktig du er. Personlig er jeg litt for bedagelig anlagt til å gidde å følge opp. Hvis du ønsker å bli lagt merke til av headhuntere er det verdt å bruke tid på
Takk for svar.
Forstår godt at du ikkje liker at ein del skryter veldig. Sjølv så foretrekker eg supernøytralitet og heller la objektive fakta tala til sin eigen fordel.
Sjølv har eg (foreløpig) heller valgt å ha mi eiga internettsida i staden, med kortfatta objektiv informasjon (har blant anna lagt ut mastergradsoppgåva der), men ikkje lagt ut e-post adresse og anna kontaktinfo. Det er altså ei internettsida som eventuell arbeidsgjevar kan sjå på etter at eg har søkt på ein jobb (og ikkje som ei "rekrutteringssida" som LinkedIn).
Er LinkedIn også brukt av store og mindre firma som søker etter kompetanse som få personar har ?
Eg er akademikar og ser at ein del andre med liknande kompetanse og interesser som meg har profil på LinkedIn.
Fins det nokre gode alternativ til LinkedIn ? (treng ikkje "tilsvara" LinkedIn)
Eg er kun interessert i å jobba her til lands.
Er det slik å forstå at ein "Connection" i LinkedIn er ein annan person i LinkedIn som anbefaler den aktuelle personen ?
Og at i prinsippet kan det vera ein hvilken som helst "venn" ? og at den "vennen" funker som ein referanseperson ved eventuelt jobbsøk ?
Det eg lurer på er om eg går glipp av eventuelle gode jobbar ved å ikkje vera registrert der. Altså om ein del
firma (eksempelvis DnbNor) av og til kun velger å bruka LinkedIn når dei skal ansetja enkelte personar med spesialisert kompetanse viss dei finner aktuelle kandidatar på LinkedIn ?
(Eg er ikkje i ein jobbsøksituasjon nå, men ynskjer å få avklart eventuelle moglegheiter med LinkedIn og liknande).