Fredag 31.10. i Malaga. Spaninga byrjar å byggje seg opp på ettermiddagen. Via ei for meg uforståeleg nettside på spansk har eg sikra meg to billettar midt på 2. rad i Teatro Cervantes de Malaga ei god tid i forvegen. På programmet er det Dvorak. To timar før konserten er eg på plass, og heldigvis har eg skjønt nettsida såpass at billettane er mine (Dei dyraste billettane kosta under 20 ). Med godkjensla på plass går me for å ete middag i nærleiken, eg får servert ein veldig god tagine, med pølse av lammekjøt, couscous, grilla squash og paprika og ein mild tomatbasert saus med koriander. Litt god raudvin og det er lite å sei på trivselen.
Teatro de Cervantes er ein flott sal, både storslått og intim, med fire galleri. Mine bilete får desverre ikkje heilt fram kor flott den var.
Ta ein kikk på heimesida:
http://www.teatrocervantes.com/en/seccion/informacion/p/aforo
Programmet var som fyljer:
Conductor EWALD DANEL
Serenade for strings in E major, Op. 22, A. Dvorak
Serenade for wind instruments in D minor, Op. 44, A. Dvorak
Symphony nº6 in D major, Op. 60, A. Dvorak
Det vart ei fengslande oppleving frå starten av. Eg hadde ikkje høyrd serenaden for strykarar før, men med sine litt nakne og veldig iøyrefallande melodilinjer vart eg fort fanga inn. Allereie i 2. satsen var eg blank i augo, enkelt og nydeleg. Dirigenten sjølv spela fystefiolin her og nærast dansa på podiet. Når det fyste temaet dukka opp i gjen i siste sats var eg eigentleg godt nøygd allereie. Vidare var det mange høgdepunkt, mellom anna mange morsomme rytmiske krumspring som truleg kan sporast attende i folkemusikk.
For min del var dette den flottaste opplevinga i ein innhaldsrik ferie, og eg vil absolutt anbefale folk å ta ture innom om dei skulle befinne seg i inngangsporten til Costa del Sol.