Var på konsert i Baroniet i Rosendal
med Kari Bremnes det var magisk. ;D ;D
Referat fra lokalavisen:
For kring 350 tilhøyrarar
leverte Kari Bremnes med
orkester sitt aller beste i Borggarden
fredag kveld.
Det er godt å vera her på denne
magiske staden, sa Kari Bremnes
innleiingsvis. Utan nøling fekk
ho svar frå ein av dei frammøtte:
Det er godt å ha deg her!
Denne kvelden var det Kari
Bremnes som sjølv laga magien.
Den flotte dama skapte intim
stemning mellom seg og publikum
i halvannan time. At konserten
vart forseinka i tre kvarter
grunna eit teknisk problem la
absolutt ikkje noko dempar på
stemninga. Kari Bremnes drog
publikum med seg på reiser i
ulike menneskeskjebnar på
autentisk og truverdig vis. Lengsel,
draum, kjensler, reiser og
sterke kvinner er gjennomgangstema
i repertoaret til Kari Bremnes.
Gjerne sterke historier om
harde realitetar. Vi fekk høyra
låtar frå ulike epokar i karrieren,
m.a. frå siste CD-en «Over en by»
som kom i 2005. Her er alle tekstane
og dei fleste melodiane laga
av artisten sjølv. Med flott
stemme frå ei vever og intens
kvinne fortener artisten beste
karakter i formidling.
Flotte musikarar
Kari Bremnes åleine er ikkje
nok. Dei fantastiske musikarane
ho hadde med seg på scenen skal
ha ein stor del av æra for ein flott
konsert. M.a. imponerte Helge
Norbakken med ein framifrå
trommesolo. Med rytme, fantasi
og humør utløyste han taktfast
applaus frå publikum. Kari Bremnes
trio består av Helge Norbakken
(perkusjon) og Bengt Hanssen
(tangent). På denne konserten
var trioen utvida med Hallgrim
Brattberg (gitar) og Sondre Meisfjord
(bass). Det same ensemblet
er med på Kari Bremnes sin nye
CD som kjem til hausten.
Kari Bremnes har nærmast
skapt sin eigen sjanger der tekst,
melodi og musikk spelar likeverdige
roller.