Sjølv om DL 103 er eit kupp til den prisen, er det typisk at pickupen er ganske krevjande m.o.t. både arm og riaa. Og det du seier, kan stemme med det eg har høyrt andre stadar om 304. Dessutan er han endå meir krevjande til riaaen enn 103.
Eg har nettopp bestemt meg for ein annan referansepickup til "fornuftig prisklasse" enn DL 103, sjølv om det er ein soleklar kandidat (du treng berre ein Technics med halvtung arm + ein skikkeleg god riaa, så har du skikkeleg godlyd). Grunnen er at eg tykkjer 103 er vanskeleg å få skikkeleg til for nybegynnarar.