Skulle montere PU og bruke HI-FI NEWS &RR sin protractor som fylgjer med testplata deira. Der står at sidene på PU-huset skal vere parallelle med linene på protractoren. Men stiftrøret på PU-en var ikkje parallelt med sidene på PU-huset på langt nær. Det er ikkje noko synleg skade og det fungerer greitt. Fekk tips om at det er stiftrøret ein skal ta utgangspunkt i. Det høyrest unekteleg logisk ut. Prøvde begge variantar. Det er lite tvil om at det er stiftrøret ein skal ta utgangspunkt i.
Sigurd
Sigurd