Er litt skeptisk til den tankegangen om at ein skal "matcha" innfallsporten til klassisk med det ein liker frå før. Noko av grunnen til at folk har lyst til å prøva klassisk er vel fordi dei er ute etter noko "nytt", iallfall noko "annleis"?
Sjølv "byrja" eg med Saint-Säens' orgelsymfoni, utan at det klaffa. Eg vart først gripen av Beethovens 5. og 7. symfoni med Kleiber og Prokofievs cellokonsert med Truls Mørk. Og Goldberg-variasjonane med Gould, nokre år seinare. På ein eller annan måte låg tilhøva til rette nett då for at eg byrja å interessera meg for klassisk (etter dess har eg heilt medvite slutta å telja over kor mange plater eg har kjøpt - i heile spennet frå flamsk kyrkjemusikk til samtidsmusikk).
Eg skal vedgå at eg høyrde mest på tyngre rock då eg var yngre, og at Beethoven kanskje har eit tydeleg formspråk som treff metal-folk. Men Bach? Goldberg-variasjonane har noko ved seg som eg trur grip alle. "Mr. Abel's Fine Airs" (Suzanne Heinrich) òg.
Elles er det ikkje naudsynt å finna ein "instant hit", trur eg. Eller DEN eine plata. Kan det vera eit tips å høyra på NRK Alltid Klassisk til ein finn noko ein liker?