Det er faktisk ein viss analogi til motorlære:
Motor:
Effekt = moment x turtall
Enten må motoren ha høgt moment og lågt turtall(lastebil) for å få lasta opp bakken, eller så må du ha høgt turtall og lavt moment(racerbil) for å få den like fort opp. Om du har halve momentet må du doble turtalet for å få samme effekt.
El. lære:
effekt = spenning(volt) x strøm(ampere)
Enten må du ha høg strøm og låg spenning(bilstereo) eller så må du ha høg spenning og lite strøm(høgspentlinjer)
I høgtalarverden er det ikkje så lett å trekke analogiar. Du kan tenke deg at du har ein lastebil som du kjører oppover ein bakke i forskjellig fart mens du samstundes laster inn og ut sand. Då må du ha ein sterk motor for å kunne endre hastigheten slik du vil uavhengig av last. Uansett vil lastebilen bli påvirka til ein viss grad, uansett kor stor motoren er. (Forsterkaren vil knele dersom du kortslutter utgangen)
Så for forskjellen på strøm og watt er at du treng strøm for å kunne levere watt, akkurat som ein motor må ha moment for å levere effekt. Dersom ein motor ikkje har moment vil den stoppe ved ein gong vi belaster den(rpm vil gå til 0). Samme med ei strømforsyning; Dersom den ikkje kan gi noko strøm vil spenninga gå til 0 når vi belaster den.
Ut over det kan det, som ein ser, diskuterast i det uendelege ang kva faktorar som spiller inn.