For å gje Emokid og dei andre kidsa som ikkje har lyst på pølse litt støtte, og samstundes gje eit bidrad til sennepsentuisasmen, skal de få mine to gravlakstips:
- Dersom du ikkje gidd fiske villaks eller har tilong på ørret i to-trekiloklasen, kan du kjøpe to ferdig krydda laksesider av det slaget som er ferdig utbeina og krydra med hovudsakleg estragon. Kjøp meir estragon, kvit pepar og dill (om du ikkje har i hagen, noko dei færraste har på denne årstida), og ta ein tur innom polet om du ikkje alt har nokre slumpar med brøsthårs-brandy (ja, det sterke slaget) ståande.
Tin filetane. Skikkeleg. Så tek du eit langt fat med litt kant på. Legg eit lag av salt (grovt er på mange måtar det beste, men det går greitt med finsalt også) på fatet. Ha på relativt mykje pepar, endå meir estragon og ikkje særleg mykje dill over saltet. Så legg du eine laksefileten med skinnsida ned oppå. No skal du ha ei blanding av ca 5 ss finsalt, 1 ss sukker, 1/2 - 1 ts kvit pepar og strø på kjøtsida av fietane. Dryss ca 60/40 med estragon/dill over, spesielt på den som alt ligg på plass.
Legg den andre fileten "andføtes" over den fyrste (i 69-stilling), og dryss eit nytt lag med dill/estragon, kvitpepar og grovsalt over skinnet. Ta ei skjerefjøl og legg på toppen, og plasser eitkvart tung (1-2 kg) på toppen, slik at fiskane ligg i press.
Sett fatet kaldt, men ikkje kjøleskapskaldt (8-12 grader går fint) i eitt døgn. Slå av laken som dannar seg. Lat filetane byte plass. Lat stå i eitt døgn til, og slå av ny lake. No kan du hente spriten din. Tøm litt mellom filetane (det er ikkje mykje som skal til, dersom du då ikkje har plukka ut noko andektig damesprit utan smak). Lat stå i to dagar og snu på nytt. To dagar seinare er maten klar. Skjer på skrått i tynne skiver. Heimebaka, grovt brød er perfekt under.
I mellomtida har du sjølvsagt laga sennepssausen.
6 ss sennep (sjå senneptstråden)
2 ss sukker.
1 ss utmerka eddik. Du kan tillate deg å bruke verkeleg flott eddik om du har.
6 ss røff olivenolje med mykje smak.
1 ss like røff sprit, helst den du brukte på fisken.
Kvit pepar
salt
Estragon og dill. Ikkje overdriv dill, elles vert du veldig tradisjonell.
Send PM til meg, og inviter (ikkje for mange, det er ikkje så mykje fisk du har laga, og han er endå betre i morgon) dei mest åndfulle og hifiinteresserte du har i omgangskrinsen.