Kviledag, ja. Tenkjer du ser på OL....sjølv legg eg parkett.
Men eg har tru på desse reinsemaskinene. Eg har ei enkel sjølv, klarer seg til mitt bruk, men kan ikkje reinse meir enn 8 - 10 platesider før "cordfløyelmattene" som fungerer som paking rundt feltet som vert sugd tomt for reinsevæske ikkje klarer jobben lenger.
Desse greiene frå Planetsnapa liknar på Keith Monk si maskin, der ein "arm" gjekk gjennom rillene og sugde dei tome einskildvis. Monken var svinedyr, så dette må seiast å vere anstendig prisa, sjølv om dette er 5 gongar så dyrt som ei NittyGritty av rimelegaste slag.
NB! Det kosta i si tid ei krone, sidan fem kroner å "Monke" ei plate i Bergen (tjuefem år sidan...)
Men slikt er beste måten å reinse på. Lurer på denne reinsevæska. Eg har brukt rompesprit med godt resultat, men må bruke LAST etterpå for å gjere platene perfekte. Sjølv om spritrestane dunstar bort, hadde det vore betre å få rillene fullstendig tome for skit med eit godt vaskemiddel som ikkje dunsta bort før driten slapp.