Duolingo

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
6.111
Antall liker
6.687
Sted
Ein knaus
Hypp.

Tenkte at det burde vera ein tråd for Duolingo her inne. Som eg har nemnt i eit par innlegg, diggar eg dette systemet.

Det er perfekt for nerdar som meg, som elskar å læra språk, men er temmeleg sjenert og ikkje likar så godt å prata med framande. Det er openbert: det dekkjer ikkje alt, og må definitivt støttast av andre måtar å læra på.

Det er òg stor skilnad på kursa: nokre er så små at det berre er tull (hindi har 10 leksjonar, trur eg), medan dei store språka (fransk, tysk, spansk og japansk) er imponerande store og har ei fornuftig oppbygging. Kinesisk var berre tull då eg såg på det for tre-fire år sidan, men no er det ganske mykje betre.

1723407705519.png
 

OlaR

Overivrig entusiast
Ble medlem
17.03.2005
Innlegg
1.015
Antall liker
544
Sted
Oslo
Torget vurderinger
25
Forsøkte meg med italiensk for noen år siden, men syntes det ble litt kunstig.
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
6.111
Antall liker
6.687
Sted
Ein knaus
Forsøkte meg med italiensk for noen år siden, men syntes det ble litt kunstig.
Javisst, det er "kunstig". Det beste argumentet eg har, er at det funkar. Eg forstår definitivt meir av språka etter å ha ploga gjennom ein del leksjonar i Duolingo, både fortare og grundigare enn eg hadde gjort berre av å lesa om språket og sjå videoar på Youtube. Men det tek definitivt tid, veldig lang tid. Korkje på fransk eller japansk er eg komen lengre enn enkle setningar i presens.

Den vanlegaste oppgåvetypen er på nivå øvingane eg hugsar frå tysk på ungdomsskulen, og dessutan usannsynleg natige når det gjeld rett svar. Dessutan, svaret er anten "rett" eller "feil" - i veldig liten grad er det mogleg å få "nesten rett, men hugs på ..."

På det siste er fransk litt betre, og kan korrigera ein del småfeil (der eg er no, tilgjev dei aksent-feil, og forklarer grammatikkfeil).

Det er mange ting som irriterer, for all del:

- For kvart kurs er progresjonen låst. Det er lett for at det anten går for fort (eg greier oppgåvene, men forstår ikkje prinsippet som ligg til grunn) eller for seint (eg vert lei). Før var det meir fleksibelt, og mogleg å gå vidare litt når ein sjølv meinte ein var klar. Italiensk meiner eg å hugsa at var litt for tregt.

- Gamification, med streak, XP, quests og in-game valuta. Tja. Det motiverer til å ta leksjonar kvar dag, men samtidig er det støy. XP seier etter kvart veldig lite om kor langt eg har kome.

- Det er litt taleøvingar, bra, men gjenkjenninga er sådär. På fransk får eg kjensla av å snakka med ein vrangvillig parisar (desse legg som kjent æra i å ikkje forstå utlendingar, medan franskmenn frå sør er hjarteleg velvillige). På kinesisk får eg alt rett etter å ha uttalt fyrste ordet sånn i nærheita av forståeleg, før eg ein gong er ferdig med setninga.

- Det kunne gjerne vore betre leksjonar som forklarte grammatikken og viktige ord. Meiner å hugsa at desse var betre før.

- Dei prøver litt for hardt å pusja "SuperDuolingo" (forståeleg), med reklame og låste features i gratismodus.

Men, det er ting som er bra/betre

- For kinesisk og japansk er det ok drillar for å læra høvesvis hanzi, lydar og tonem, og kanji og kana. Tykkjer japansk er betre, men det kan vera fordi eg liker japansk betre (språket er meir estetisk og likare norsk uttale) og slit med kinesiske tonelag (klassisk problem for midthordalendingar, trur eg: av alle norske dialektar legg vi minst vekt på tonelag, og høyrer ikkje tonelagsskilnad på bønner/bønder.

- Fransk har lytteøvingar der poenget ikkje er å forstå alt, men hovudpoenget.

Oppsummert: Duolingo er bra, men på ingen måte tilstrekkeleg. For min del bruker eg gjerne Youtube, Wikipedia og Google Translate også, i tillegg til lærebøker og barnebøker. Eg har høyrt om folk som har brukt ChatGPT med noko hell, også (med instruksjonane "lat som om du er fransklærar, fortel meg kva som er feil med det eg skriv og kom med framlegg til forbetringar").
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
6.111
Antall liker
6.687
Sted
Ein knaus
Jau då, eg driv no på, mest japansk for tida. Litt kinesisk. Det er verkeleg synd at esperanto er det minst anvendelege språket i heile verda, til trass for at det er morsmålet til George Soros. Mi scias iom Esperanton.

Det positive: Det verkar som om Duolingo stadig forbetrar øvingane, som stadig kjem i nye format (litt utav det blå, rett nok).

Eg er ikkje heilt ven med talegjenkjenninga enno.

Japansk funkar, på sett og vis. Altså, dersom eg sjølv meiner at eg fekk alle stavingane i rett rekkjefølgje, får eg stort sett rett, bortsett frå ein del lydar eg sannsynlegvis uttalar feil (det gjeld særleg r-stavingane; eg har normalt skarre-r (ʁ), så andre r-ar vert ofte karikerte hjå meg, særleg den austnorske flappen - og, lo and behold, Wikipedia seier «In Tokyo's Shitamachi dialect, the alveolar trill is a variant marked with vulgarity.») Det Google Translate forstår, forstår også Duolingo. For det meste.

Kinesisk er heilt på styr. Det er sanneleg uttalen min også, så det er ikkje så rart at eg ofte ikkje får rett. Verre er det at eg ofte får rett på ei heil setning dersom første to stavingane er sånn passe (slumpelukke!), gjerne før eg har gjort meg ferdig med alt eg skal seia. Det kjenst som om Duolingo prøver å simulera fordommane mine av ein kinesisklærar: ein gamal vismann som irriterer seg grøn over barbarane som maltrakterer språket og no og då gjev rett, delvis av medynk, delvis for å koma litt vidare. Litt som «Pai Mei» i Kill Bill 2.

Jau då. Det beste er ein ekte lærar, same kva språk det er snakk om. Eg skal vurdera det dersom eg nokon gong når JLTP N5 eller N4-nivå.

Hovudkritikken min er at Duolingo burde hatt betre "leksjonsnotat". Både når det gjeld ordstilling og ideom hadde det vore nyttig om det dei prøver å visa (gjennom øvingar) hadde vorte forklart på førehand. Eit lite døme er korleis dei plutseleg, og heilt naudsynt, introduserer skilnaden på arimasu og imasu, men ikkje bryr seg med å forklara det. Heldigvis er det veldig lett å finna desse svara med eit google-søk, då.
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
6.111
Antall liker
6.687
Sted
Ein knaus
Snerr.

Det er mykje bra med Duolingo, men på same måten som nesten alle andre tenester er det tydeleg enshittification. Gratis-utgåva vert stadig dårlegare (reklame og eigen-reklame for betal-utgåva, men no også eit nytt system med "energi" som i praksis blokkerer deg frå å bruka appen særleg lenge i strekk, same om du svarer rett eller ikkje).

For meg er det sjølvsagt ikkje det heilt store problemet, og eg er nok av dei som kanskje burde betala for "Super Duolingo". Men er ser korleis systemet gjev både barn og ungdom interesse og motivasjon for å læra seg språk, og då er det er det trist at gratisutgåva etter kvart nærmar seg ubrukeleg.
 
Topp Bunn