Clear audio solution

freddi

Medlem
Ble medlem
22.09.2007
Innlegg
10
Antall liker
0
Torget vurderinger
1
Jeg vurderer å bytte ut min Rega P3-24 med en Clear audio solution. Det er vanskelig å finne noen særlig info om denne spilleren på nett. Er det noen som har erfaring med denne?
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.228
Antall liker
8.855
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Eg hadde gleda av å teste ein Solution for nokre år sidan, og må seie at han er minst like god som Champion når dei elles er likt utbygde. Begge desse spelarane er svært godt laga, og ekstremt nøytrale drivverk, som ikkje gjer skam på nokon arm. Attende i 2003 - 2005 greidde eg ikkje bestemme meg for Nottingham (med sin kolsvarte bakgrunn), Clearaudio (med sine gode tangentialarmar og nøytrale, detaljrike attgjeving) eller VPI (med sin fantastiske dynamikk og storarta platekrans. Så gjorde VPI ei veldig oppgradering av sin Scoutmaster, og eg gjekk i den retninga. Men Clearaudio var lenge det alternativet eg var mest begeistra på. Eg kunne godt hatt ein Solution i dag, men ville nok då bygd ut med "litt ekstra" oppgraderingssett, og fått på ein tangentialarm etter kvart.
Solution (og Champion) hadde fantastiske motorar. Desse var vesentleg større og meir vibrasjonsfrie enn dei som står på dei mindre (og kanskje meir sexy?) spelarane som Soundgarden importerar i dag.
Eg fekk gjere ei direkte samanlikning på VPI mellom mellomhjul/rimdrive og beltedrift, og fann ut at mellomhjul hadde betre dynamikk, men noko meir støy. Clearaudio har variantar der fleire motorar brukast til reimdrift, og ein vil kanskje då oppnå same dynamikken utan å få motorstøy, med stillare motorar og reimdrift.
Eg vil seie at ein Solution uansett vil vere ei betydeleg oppgradering samanlikna med P3 (som er ein god spelar, den også. Men på ein annan måte)
 
Topp Bunn