Eg likar aller best Stax, men dei er for dyre etter det du nemner. Så har eg ikkje særleg sans for Dr.Dre, så då stiller eg meg spørsmålet om du tenkjer at desse var gode, eller om du rett og slett vil skifte dei pga at du ikkje likar dei...bass har dei eigentleg greitt med, så eg er litt usikker.
Når det gjeld dynamiske høyrelurar, likar eg mykje.
Til dømes: Koss PRO3AA Titanium når eg skal ha ein generelt godt høyrelur eller TD 85 om det er spesielt bassen du er på jakt etter(eg siterer meg sjølv:TD85 har litt ”grovare” øvre mellomtone og diskant, men kan til gjengjeld formidle bass på ein svært truverdig og på same tid imponerande måte. Som den beste bassformidlar eg kan hugse å ha høyrt av øyretelefonar, er dette mitt definitive val for bassentusiasten. Lukka system, denne også, med dei positive og negative sider prinsippet medfører. Denne bør du høyre, det kan godt hende du finn ut at for deg er dette verdas kjekkaste øyretelefon....
Pris: 798,00 kr )
Så likar eg Sennheiser, og har som favoritt gode, gamle 590. Ein relativt rimeleg sak.
(HD 590
Denne liknar på HD 580 og 600, men er ikkje fullt så forseggjort i designet. Det er også interessant at kabelen kan takast ut frå telefonen med ein "micro-jackplugg", mindre enn ein minijack. Såleis er dette den einaste modellen som har leidning inn på venstre side åleine. Alle andre modellar har leidning til begge klokker. HD 590 er den mest tungdrivne av alle konstruksjonane, og den tåler ikkje heilt same lydtrykk som dei to andre toppmodellane før du merkar at presisjonen dabbar av. Til gjengjeld har desse øyretelefonane ein svært engasjerande spelestil, med eit vell av klangdetaljar. Såleis er HD 590 mitt fyrsteval til akustisk musikk, særleg når dei i tillegg er svært behagelege å ha på seg. Store, omsluttande klokker med eit mildt press utanpå øyremuslingen kan tålast i timevis. Eg trur dette er den mest behagelege øyretelefon eg har hatt på meg, med unntak av dei legendariske Jecklin-lurane (som hadde andre problem med å halde seg på hovudet). Dette er også den rimelegaste av dei tre toppmodellane, og eg trur eg må anbefale HD 590 som det beste kjøpet, og det du bør satse på til kritisk lytting, med tre atterhald: HD 580 PRECISION og HD 600 kan spele høgare utan å anstrenge seg. Dette bør ikkje vere noko stort argument, om du ynskjer å bevare høyrselen lenge. Dei to dyrare modellane har større oppløysingevne. Eit musikkdøme: Spor 4"Loaded" på Ricky Martin sitt album (SACD-utgåve) "sound loaded" har ein intro der eit sinnsjukt intrikat blåsearrangement vert miksa med vokalpanomering. Detaljane i dette kjem klart fram med 580 og 600, medan 590 ikkje klarer å halde desse detaljane frå kvarandre. Har du behov for eit monitorreiskap, bør du velje ein av dei to dyraste. Så er dette at 590 er ganske tungdriven, og tappar batteriet på ein bærbar spelar om du guffar litt.)
Så er eg veldig glad i BeyerDynamics, sjølv om dei kostar litt. DT 770 er ein lukka konstruksjon av svært høg kvalitet. Men ein skal ikkje kimse av dei billegare modellane heller. DT 231 er svært mykje for pengane, dersom du har fokus på bass.
Desse opplysningane ligg eit par år attende i tid, og det kan tenkjast at nye modellar har danka ut dei gamle. Det finnest også andre merke, t.d. Phiaton øyretelefonar, som er ein svært seriøs nykommar. Dei er relativt dyre toppmodellar (som har generelt god lyd til dei fleste sjangrar) og eit ganske smart design. Verd å sjekke ut.
Hugs at det ikkje er lurt å spele svært høgt med høyrelurar....og lukke til!