Det er nok all grunn til å diskutere på fleire plan her. Ei fornying av eitt av elementa i "gullrekka" til NRK er ikkje uvesentleg.
Atle er sjølv ein glimrande utøvar, ein crooner som eg har sans for. Men her var han i ei ny rolle. Han tok over som program etter Ivar Dyrhaug, og får dermed på seg digre forventningar om å
a) leve opp til det Ivar gjorde
b) fornye programmet.
Mi meining er at Atle gjorde ein grei jobb, men at det absolutt kunne vore meir fornying.
Konseptet er etter kvart ganske slitt. Vi har sett dette programmet gjennom snart 20 år, trur eg. Det er, som K2 seier, fullstendig avhengig av kor godt deltakarane musiserar ovanfor sjåarane. Ikkje slik at dei nødvendigvis må ha dei beste musikalske kvalitetane. Kan dei engasjere med humor, orginalitet, pussigheiter eller anna interessant, vil det kunne fungere godt. Men kan det gjerast på ein ny måte?
Og var det berre eg som irriterte meg over sibilantane? Ikkje sjenerande når Atle snakka, men tre av fire utøvarar hadde ikkje god lyd, korkje på tale eller song.