Rudi skrev:
JA takk, begge to

.......... riktignok har jeg ingen av de, men det er bare fordi jeg er en fattig fant ;D
Heilt einig med Rudi (ein vinyljunkie som råda meg ikkje berre til å ha både LP 12 og VPI SSM, men også ein Avid Acutus Reference. Men ikkje høyr på han. Sjølv om han heilt klart er prinsipielt imot det å måtte velje mellom fleire goder, veit eg at han faktisk ved eitt høve SELDE ein ganske så strøken ARC SP 10 til fordel for ein annan - og faktisk noko betre riaa. Sånt må berre kommenterast 8))
Eg har testa Cary, som har alle dei dyder eg har lett for å falle for. Aller sterkaste kort er kanskje bassattgjevinga, utan at andre frekvensområde på nokon måte er forkleina. PH 5 høyrde eg i eit framandt oppsett, men det var tydeleg at dei klassiske ARC-dydene naturleg klang, godt lydbilde og fantastiske eigenskapar innan det å nyansere dynamikk og detaljar er til stades. Justeringane til MC-pickupar som ARC har hatt for vane, er noko ein lærer seg å sette pris på. Veldig greitt å kunne vri på ein knapp og høyre kva ein likar best. Er det forresten ikkje høve til å velje last via fjernkontrollen frå lytteposisjon på PH 5?
Sjølv har eg ARC SP 10, som er sterkt i familie med PH 5. Denne er ikkje så allsidig som desse to riaatrinna når det gjeld utsignal. 10-aren vil helst ha over 0,5 mV for å spele perfekt, noko som medfører litt fleire viklingar i pickupspolen. Dette aukar massen på ein MC-pickup i høve det ideelle. Dette slepp du med ein av desse, du kan fint bruke pickupar som leverer iallfall ned i mot 0,2 mV, og det er ikkje så vanskeleg å bruke MM om du har eit godt linjetrinn med volumkontroll med god kvalitet.
Som Rudi seier, eg ville hatt begge riaatrinna. Det kjem litt an på ambisjonane om du må velje. Er din pickup Benz LP 12, ville eg heilt klart gått for Cary. Om du ynskjer å skifte pickup ofte og eksperimentere litt, er PH 5 meir allsidig, og har svært gode lydlege kvalitetar. Uansett vil eg tru du vert fornøgd med ein av dei i hus.