Det er stygt å mistenkje folk for å vere skurkar, og han karen her har 100% positiv tilbakemelding og har vore på eBay sidan 2001.
Det han skriv om at Svetlanafabrikken utvikla desse røra kan vere rett, men det er eit par ting som gjer meg tvilande:
1) Alle russiske NOS rør eg har vore bort i og som har kome direkte frå Russland har vore i pappkartongar og det er snakk om ganske grov papp også! Mykje pengar vart brukt til forsvar i Russland under den kalde krigen, medan vanlege forbruksvarer som dopapir og lyspærer kunne det vere stor mangel på.
Eg har ikkje sett russiske NOS rør i forsegla plastposar. Og plast av tilsynelatande høg kvalitet også!
2) Han skriv at dette 6C33 røret vart laga i 1970 på Svetlanafabrikken og 6C33 vart vart utvikla der og produsert i eit par år. Altså betyr det at 6C33 vart utvikla rundt 1970. Dette er eg også tvilande til. 6C33 er ein mellomting mellom røret 6336 (m.a. av Chatham) og 7241/7242. 6336 kom i 1953 og dei andre kom i 1958. 7241 og 7242 er same type rør som 6336 og 6C33, men har ganske ekstreme data i høve låg indre motstand, steilhet og katodeemisjon. Kanskje eit perfekt rør til OTL, men eg veit ikkje om det er spesielt lineært. 6C33 har dårlegare data enn 7241/7242 og det er merkeleg at russarane set seg til å utvikle eit rør i 1970 som har dårlegare prestasjonar enn rør som kom 12 år før!
Sokkelen på 6C33, forma på glaset og tekniske data tyder på at røret vart utvikla på 1950 talet. Eg vil tru at i 1970 prøvde russarane å innføre transistorar dei også i nytt militært utstyr. 6C33 vart først og fremst brukt som spenningsregulator og i slike kretsar burde det vere lett å erstatte det med transistorar.
Dette er eit resonnement. Eg veit ikkje kva tid 6C33 kom, og det kan hende fyren på eBay har rett. Uansett så ville eg ikkje ha betalt $ 100.- for det. Skilnaden mellom gode 6C33 og dårlege er først og fremst om dei er testa og selekterte.