Lat oss seie det sånn, at potensialet til ein SL1210 forløysast best med ein Denon DL103, medan ein Rega vil ha det betre saman med ein Dynavector. Eg hallar til begge sider...Denon har fantastisk flott detaljoppløysing og klangeigenskapar, medan DV10x5 (den billegaste frå Dynavector, og mi referanse for tida) ikkje er så nøytral klangmessig, men leverer eit fantastisk flott og realistisk lydbilde. Dynamisk sett er eg også litt gladare i Dynavectoren, men dette er også eit spørsmål om riaaen som vert brukt.
Når det gjeld ein gammal P2 kontra ein ny 1210, vil eg vere tilbøyeleg til å gå for 1210. Har elles ikkje prøvd DV10x5 i 1210, så det kan hende potensialet er på høgd også denne vegen..?