Ja, dette fenomenet er utforska noko av Steve Bench, men det er vel dårleg kjent i dag. Det viser seg vel først og fremst på direkteglødde småsignal rør, men han finn også at røret 1619 som er omtrent det same som 6L6 (men truleg eit mykje betre audiorør), får betydeleg redusert harmonisk forvrengning når ein reduserer glødespenninga. Det er vel verdt å ta ein titt på heimesida hans her:
http://members.aol.com/sbench101/
Viss ein held anodestraumen nede i røret, kan ein nok redusere glødespenninga ein god del, men ein kjem til eit punkt der ein øydelegg katoden når ein prøver å halde oppe straumen i røret og katoden har for låg glødespenning.
For høg glødespenning vil alltid forkorte drastisk levetida på røret. Låg glødespenning reduserer forvrenging, forlengar levetida og truleg reduserer litt røret sin eigenstøy.
Men berre til ei viss grense. Kjem ein under denne, forkortar ein levetida igjen.