Det er då ikkje noko krav om å stilla liste i alle valdistrikt. 1%-kravet gjeld for kvar liste som vert innlevert, i det valdistriktet (https://www.valg.no/om-valg/listeforslag/krav-og-frister/, «Antall underskrifter for øvrige forslagstillere»).Dersom man som parti ikke mottar nok stemmer ved det første valget man tar del i, så må man skaffe til veie underskrifter fra 1% av stemmeberettigede fra hvert eneste valgdistrikt. Det betyr 40 000 mennesker som må overtales over hele vårt langstrakte land, til å skrive under på at man får starte et parti. Og dersom de er uenige i politikken, sier det seg selv at de ofte vil hindre deg fra dette.
Dessutan: partiet må ha fått 5000 røyster i førre stortingsval for å stå i Partiregisteret, og er då friteke frå kravet. Det er ganske mange obskure parti i registeret allereie, og dei aller fleste har ikkje nubbesjans til å koma på Stortinget, langt mindre spela noka rolle i norsk politikk (https://no.wikipedia.org/wiki/Partiregisteret)
I nær sagt alle valdistrikt, og på alle nivå, er 1% vesentleg mindre enn kravet for å å verta valt inn. Eg kan kanskje vera einig i at kravet er noko strengt i dag, men samtidig bør det vera ein slags mekanisme for å hindra at vi får 200 ulike lister og at representasjon vert rein lotto.
Du har uansett rett i at det er masse arbeid, og tek lang tid. Nettopp det styrkar legitimiteten til dei som faktisk vert valde inn: dei har faktisk klart å få ganske mange til å verta einige med seg, og det dei står for.

