Det er mogleg at denne tråden har ganske avgrensa interesse. Det kan eg leva med.
Men eg opprettar han slik at diskusjonane i Musk-tråden meir knytt til denne kategorien ideologiske diskusjonar kan få ein naturleg heim, og det er mogleg å svara td. @Rakerholm her.
Dette, ehrm, komplekset av ideologi (eg tenkjer på det som «radikal, individorientert liberalisme», men slemme barn har mange namn) inkluderer i mine augo «objektivisme» (Ayn Rand), men avgrensar seg ikkje til slik. Det er minimalt i Noreg, vesentleg større i USA (der Ayn Rands underhaldningslitteratur er blant dei mest lesne bøkene). Her i landet har eg faktisk stort sett kome over talsmenn for denne ideologien på Internet, men tilgjengjeld har dei vore tydelege her sidan Internet kom til folket på starten av 1990-talet.
Ofte utartar diskusjonar om denne ideologien til teoretiske eksperiment i slekt med «The trolley problem», og det er ikkje uventa. Det kan forsøpla dei fleste diskusjonar om praktisk politikk, men kan vera interessant å diskutera i eigen kraft.
Så, ei konkret oppmoding. Svar gjerne på den typen innlegg her, særleg om de opplever misnøye med diskusjonane i andre trådar.
Sidan desse ideologiane stort sett er ei mannegreie, passer det med eit bilete av profeten, ideologen og øvsteprestinna her:
Existential comics har litt problem for tida, men denne er ein klassikar:

Sist redigert: