Men da hadde denne "tradwife" forkjemperen hatt vanskelig for å henge det på AP og formynderstaten
Og hvor mye tid bruker ikke TikTok tradwifene på å legge ut snutter? Tar visstnok +1time å produsere 20 sekunder
Det er også noko til liv der heim og familieliv heile tida skal vera på utstilling. Det er sjølvsagt ikkje unikt for TikTok-generasjonen, det å visa fram ein god og ryddig heim og veloppdragne ungar trur eg er eit uttrykk for eit djupkulturelt fenomen.
På hi sida forstår eg ikkje heilt alle dei som postar bilete av heim og stereoanlegg her inne, heller: har dei det verkeleg så ryddig og ordentleg heime heile tida? Eg støvsugde på torsdag ettermiddag med von om å kunne sjå golvet på 17. mai, og allereie fredags morgon (føkkings planleggingsdag) var stova full av at femåringen hadde laga konfetti av ein bunke farga papirark. Gje ein femåring ei saks, og skjer det noko magisk. Mørk magi, rett nok.
Elles har eg inntrykk av at ingen har så sterke meiningar om kva som er god barndom og oppvekst som barnlause unge vaksne. Kanskje besteforeldre. Dei fleste som har hatt ungar ei stund er meir på «eitt eller anna som funkar»-linja, og skire glad om ungane ter seg greitt, verkar passeleg nøgde og ikkje ser ut til å ha umiddelbare problem.