Det sentrale er nok korleis avgifta er grunngjeve og rettferdiggjort. Difor var det tydelegvis lett for FD å kutta vegbruksavgift, men verre med CO2-avgifta, der det er også er viktig for EU at ikkje nokon land let eigen industri gå foran med å kunne sleppa ut CO2 i bøtter og spann. Vegbruksavgifta er meir fiskal i så måte.
Elles einig i at mange miljøtiltak slår skeivt ut. At ein einsleg gard i Finnmark skal ha same krav til å reinsa kloakken som ein svær by, er openbert heilt utan sans for proposjonar. Å insistera på elektrisk, heller enn biodiesel, i anleggsbransjen, det same. Kost/nytte er heilt over styr.
Baksida med for mange unntak og fritak etter fornuftig vurdering, er at det vert vanskeleg å innføra noko som helst av generelle lover og tiltak. Slike vil alltid verka litt feil og urettferdig (type: naboen burde betala mykje skatt, for han har tydelegvis råd til X, men eg burde betala lite fordi alt har vorte så dyrt)