Ein meir usannsynleg samanlikning kan vanskeleg tenkjast. Ein gamal billeg Tandberg-radio, nærast som ein hushaldningsartikkel å rekna, mot ein high-end rørforsterkar av uvanleg konstruksjon. Sidan Croft-en er ein rein effektforsterkar, har eg kopla han opp mot Electrocompaniet Pre 2 forforsterkar, ikkje av di det er den einaste eg har, eller den som passar best kva veit eg, men av di det har synt seg å fungera greitt, og at han har inngang for både MM og MC, og det er jo pokker so praktisk. Eg har diverre ingen Croft forforsterkar, men skulle ynskja eg hadde, etter effektforsterkaren sine prestasjonar å døma.
Tandberg
Men likskapar finst. Dei er begge gamle. Sølvsuper 12 er frå kring 1977, og frå den rimelege serien, medan dei meir eksklusive og dyrare modellane bar tilnamnet Huldra. Eg har lytta til mange frå begge seriane, og framleis er det denne eg so langt likar best. Du kan lesa meir om han alt i oktober -24, men det var før eg hadde modifisert han, ved å kopla vekk den permanente loudnessen. Klypp av dei to leidningane som er lodda på toppen av volumpotensiometeret. Det er såre enkelt, og klarar du ikkje det, skal du aldri opna dekselet på eit elektronikkapparat. Den modifiserte versjonen, slik denne også er, er omtala i juni -25 og litt i juli.
Croft
Engelske Croft vart skipa av Glenn Croft, ein mann eg gjerne skulle hatt høve til å ringja eller vitja i dag, for å få eit betre oversyn over dei mange for- og effektforsterkarane han laga frå 70/80-talet og fram til han døydde i 2021. Det var ei lita verksemd, men Glenn er uansett ei legende, slik han lagde enkle og rimelege produkt med utsøkt lyd....
Les heile januardagboka til Stig Arne i Audiophie.no

