Eg brukar ganske ordinære kablar (i audiofil samanheng) eg har kome over opp gjennom åra, og har etter kvart vorte meir og meir usikker på kva eg høyrer av signalkabel. Så eg har leika meg litt med koplingane mellom forforsterkar og effekttrinnet (Vera 400/1000).
Kabelskifte gjer veldig lite for lyden, slik eg registerer det. Men no høyrer eg ikkje så godt som eg gjorde i min stormfulle ungdom, så det kan godt hende at det er små skilnadar eg ikkje får med meg. (verd å merke seg at aukande alder ikkje berre medfører redusert høyrsel, men også stor mengde lytteerfaring). Så eg er passeleg agnostisk rundt kabeltru. Men når det gjeld forforsterkarar......
Eg har tre forforsterkarar som er i bruk innimellom:
- Topping 90 Pre. Denne brukar eg til kvardags. Kan stå på døgnet rundt, og har inngangar slik at både vinylavspeling og signalet frå dakken kan veljast utan mykje styr. Heilt støyfri, sannsynlegvis eit måle-monster (har ikkje relevant måleutstyr), slepp gjennom det meste, og let veldig kjedeleg.
- Audio Research SP 10 II. Kjøpt i 1985 eller 86. 4 rør i linjedelen, og 8 rør i riaadelen. Let fantastisk på alle måtar. Burde vore målt, for her er sikkert ein god del vrenging. Men med fantastisk lyd, samanlikna med alt eg har prøvd (nåja, det kan sikkert diskuterast. Eg har høyrt mykje opp gjennom åra)
- Le Tube. Konstruksjon av Jean Hiraga, ein slags mellomting lydmessig. Ikkje noko som er kjedeleg, men merkeleg kombinasjon av ein riaa på 20 dB, og ein linjedel som også leverer 20 dB. Kan sjokkere valdsamt (og sprenge følsame høgtalarar) om ein ikkje skjønar kva dette medfører. Skulle vore målt, men Hiraga hevda i si tid at denne måte betre enn SP 10. (Men også at lyden var betre, noko som eg er strengt usamd i).
Så spørsmålet er om det er nokon samanheng mellom målingar og mine lydlege preferansar når det gjeld forforsterkarar. (kanskje eg bør nemne at eg var i rockeband og spelte bassgitar på ein Fender rørforsterkar i min stormfulle ungdom. Det er kanskje relevant?)