Dette er heilt vanvittig.
Eg trur du har rett,
@Espen R. Den europeiske løysinga er velkjent: de-eskalera, arbeidsgruppe, vona at heile konflikten skal kunne la seg redusera til ein nyskapande avtale som formulerer status quo på ein heilt
ny måte.
Trump veit at kvart nye framstøyt, kvar nye tweet, eignar seg til å flytta posisjonane lengre fram. I direkte konfrontasjon (som møtet mellom Vance/Rubio og Løkke/Motzfeldt) pressar dei ikkje, dei overlet til Trump å direkte pissa på resultatet etterpå. Rinse and repeat.
Canada/Europa, sett under eitt, har i praksis to moglege strategiar om dette vert køyrt til endes:
1. Pressa Grønland/Danmark til å vedta riksfellesskapet oppløyst, og vona at dette er tributt god nok til keisaren slik at han framleis vil nominelt beskytta oss.
2. Bita i eit fruktfat av sure eple: etablera rest-NATO politisk og organisatorisk (kommandostruktur og eg veit ikkje kva). Rusta opp (inkl. våpenproduksjon) i dramatisk større fart enn no. Søkja politiske alliansar med land i resten av verda som framleis har interesse av det globale systemet (etablerte grenser som ukrenkjelege, FN, WTO) vi hadde, og prøva å re-etablera det.
Det første betyr å bukka og skrapa for keisaren av gulldassen, og lata som om vi trur han garanterer våre verdiar. Det andre betyr å anerkjenna at ein del land er autoritære diktatur, men at vi likevel kan finna ei form for praktisk samhandling og fredeleg sameksistens.