Skal kjøpe meg el sykkel til våren som første premien.
Det går nok bra.
Dei gongane eg har prøvd å slutta, har eg vore fascinert av kor intenst hjernen jobbar for å overtala meg om at dette var feil, etter at dei umiddelbare fysiske symptoma gav seg. Måten han greidde å presentera resonnement som såg tilsynelatande logisk krystallklare ut, og, om ikkje det gav effekt: sterke kjensler, meiningstap og nesten kjærleikssorg.
På hi sida: Mindre trøytt, meir fokusert, mindre av vondt i ledd og konstant småfrysing.
Det som har stoppa meg, har vore at eg vert meir ufyseleg. Meir irritabel og meir aggresiv når eg får kritikk og motbør. Det
er ein fjollete grunn til å tilføra kroppen nikotin, eg veit det: det er ikkje så mykje ved nervegiften i seg sjølv som skulle vera aggresjonsdempande, så det «er» jo berre psykisk abstines.
Men den evna, å kunne stagga nesten ein kvar aggressiv impuls og spørja meg sjølv om det kanskje er
meg det er noko gale med, og om det verkeleg er klokt å seia det eg hadde tenkt: det er den delen av personlegdomen min eg liker best.
Så det er kanskje litt som ein "hambuse" ("boggart" på engelsk) i Harry Potter-serien: eit vesen som vert det ein fryktar mest.
Orsak avsporinga. Framleis lukke til. Eg er vanvittig imponert.