Ein gamal CD-spelar vart modifisert - til det verre. Og Stig Inge sitt stereoanlegg i bilen har og vorte modifisert, denne gongen heldigvis til det betre. Det har vore lærerikt.
CD
Kva er interessa for CD-spelarar i dag? Er det noko å skriva om? Dette var spørsmåla eg stilte til brukthandlaren min, og HIFI Klubben. Svara frå desse to ekte menneska var mykje betre enn det KI fann på internett. Brukthandlaren kunne fortelja at han framleis har etterspurnad etter CD-spelarar og platespelarar, og tilsvarande mjukvare. Jamvel kassettar. Sondre frå HIFI Klubben, som helst vil vera anonym, kunne fortelja at strøyming har stor overvekt, men at dei likevel sel platespelarar -og vinyl, gjennom eit nytt samarbeid med Big Dipper, som hakka møkk. Mange ser dette som eit alternativ eller tillegg til strøyming, når dei vil ha noko handgripeleg. CD har lenge lege stabilt lågt, men er faktisk på veg opp! Og når eg her ein dag opplevde at ein av mine gamle CD-spelarar leverte betre lydkvalitet enn strøymesystemet mitt, sjølv om eg har gjort mitt beste for å få dette optimalt, konkluderte eg med at eg ville ha ein slik i anlegget permanent. Heretter er planen å nytta denne, når eg ynskjer best mogeleg lyd for å kunne vurdera andre komponent.
Alle produsentar av elektronikk i industriell skala gjer sitt beste for at apparatet skal vera trygt. Dette inneber som regel eit filter både på inn- og utgangen, ofte i form av ein kondensator. Denne hindrar likestraum (DC) inn på apparatet, og ut av apparatet. Filtrert for likestraum passerer resten av lyden relativt upåverka...
Les heile desemberdagboka i Audiophile.no

