BBE SOUND ENHANCER, OG MARANTZ SUPERSCOPE R-1240 L – Stig Arne si dagbok august 2025

SAD-0825FS.JPG


Det har vore nok Tandberg for ei stund no. Over til noko heilt anna: Ein magisk boks til å forbetra lyden frå stereoanlegget, og ein forsterkar/radio eg aldri har sett før.

BBE SOUND ENHANCER
Eg hugsar denne. Han har vore å sjå sidan 90-talet eller jamvel før. Det vart reklamert for han i hifi-blad, sidan akkurat denne modellen såg ut til å vera retta mot stereoanlegget, medan dei andre dippeduttane BBE lagar, ser på heimesida deira ut for å vera tilpassa PA-marknaden, dvs scene, musikarar, DJ, studio, og inn/avspeling av alle slag. Det er også i blad for denne type brukarar slike produkt er mest omtala. Vore på konsert i det siste? Der florerer det med boksar av alle slag, gjerne på golvet, som musikarane trakkar på for å tilføra effektar, som vreng, komprimering, ekspandering, og modifikasjonar av lyden på ymse vis. Særskilt gitaristane elskar slike, om eg ikkje tek feil.

Men ynskjer me slikt i stereoanlegget? Er ikkje CD-spelaren og forsterkeren osb. tilpassa kvarandre og optimalisert for å bringa musikken vidare slik han er, med minimal forvrenging og påverknad av lyden? Eg har alltid vore skeptisk til slike boksar, som kompliserer oppsettet, og kan tilføra uønska forvrenging. Og er fordyrande. Men heilt tilfeldig fekk eg høve til å prøva ut ein slik boks, då ein kamerat måtte levera han til reparasjon. Boksen er meint å retta opp fasen og frekvensgangen i anlegget. Etter å ha studert boksen og klødd meg litt i hovudet, fekk eg kopla han opp mellom ein DAC og forsterkaren, og fekk lyd gjennom. Men eg tilstår at eg måtte ringja eigaren fyrst....

Les heile augustdagboka til Stig Arne i august

SAD0825-5b.jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.565
Link til alle artikler
532
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
TEST: Eversolo Play - strømmefavoritten som utvidet repertoaret

TEST: Eversolo Play - strømmefavoritten som utvidet repertoaret

  • 0
Eversolo lanserte litt overraskende strømmeforsterkeren Eversolo Play i München. Og vi tenkte at nok fikk være nok, og ba om å få låne et testeksemplar av den Norske importøren. Og skulle du lure...
Fortsett
Audiophile.no
ÅRGANGSTEST: Klipsch RF-3

ÅRGANGSTEST: Klipsch RF-3

  • 5
Kort tid etter min spede begynnelse som hifi-skribent møtte jeg Klipsch, og det var f... meg en øreåpner så brutal at jeg deretter har vært så full av blomsterspråk at jeg har ertet på meg mer enn...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING: Tanita Tikaram - Liar (Love Isn`t a Right). Karakterfull musikk frå en halvveteran

PLATESMAKING: Tanita Tikaram - Liar (Love Isn`t a Right). Karakterfull musikk frå en halvveteran

  • 0
De av oss som syns at musikken gikk litt i vasken på 80-tallet opplevde selvfølgelig likevel en rekke hyggelige overraskelser etter at 70-tallet var ugjenkallelig over. En av disse musikalske...
Fortsett
Audiophile.no
Keel SE og Klimax Radikal - oppgraderinger til Linn LP12 Klimax

Keel SE og Klimax Radikal - oppgraderinger til Linn LP12 Klimax

  • 12
Linn har presentert to oppgraderinger for LP12. I likhet med oppgraderingen Bedrok-plint som ble introdusert i februar er heller ikke Keel SE og Klimax Radikal beregnet for veldig sarte sjeler...
Fortsett
Audiophile.no
Hifimessen i Horten 2025 – Del 3: Karl Erik sine inntrykk

Hifimessen i Horten 2025 – Del 3: Karl Erik sine inntrykk

  • 5
Etter en oppseiling til Hortenmessa i de to forutgående dagene, med hyggelige og informative besøk hos Duet Audio, Stereofil og Eksakt HiFi, var hjerte og hjerne sånn noenlunde i synk med ørene da...
Fortsett
Audiophile.no
Håkon Rognlien ny skribent i Audiophile.no

Håkon Rognlien ny skribent i Audiophile.no

  • 21
Hifimesser kan være fruktbare på mange ulike måter. Noen får en øreåpner for nye produkter som de liker, eller kanskje til og med misliker, mens utstillere får eksponert sine produkter for nye...
Fortsett
Topp Bunn