På slump skulle eg sjekka eit oppslag i Dagbladet, laurdag 9. januar 1999 (papiravisa). Eller, slump og slump. Eg hugsa, utan at eg heilt kan gjera greie for kvifor (løpske synapsar?), portrettintervjuet Tore Neset i Dagbladet gjorde med Erik Naggum (kvil i fred), og fekk det føre meg at eg skulle lesa det oppatt.
Med diskusjonen om Dagbladets vekst og fall friskt i minne, bestemte eg meg for å bla meg gjennom heile avisa. Eg skal spara forsamlinga for ei lengre utlegning, framsida talar for seg sjølv.
Vis vedlegget 1131327
Dette er
ikkje betre enn dagbladet.no er i dag, det er akkurat like ille. Å bla gjennom avisa gav akkurat same kjensla: I ufatteleg mykje møl, nokre typiske nyhendeoppslag. Det som drog opp, var spaltistane og eit par featureartiklar, men nivået der var langt under dagens nivå i, tja, NRK, Morgenbladet, Dag og Tid, Klassekampen og Dagens Næringsliv, for å ta aviser/kanalar eg har eit visst forhold til.
Den observante lesaren saknar kanskje pluss-sakene "Siri-Elise (24) viser alt: Jeg elsker kroppen min" og "Ville utro-fester på Oslo Vest", men finn kanskje trøyst i ei dobbeltside frå ein kyrkjelyd i Gudbrandsdalen der klokkaren og organisten vart teke
in flagrante i utru-sex (i kyrkja!) av den bedregne ektemannen. Trist sak, kommenterte Rosemarie Köhn.
Altså: Eg veit at Dagbladet var noko anna på 1950- og 60-talet, og dette var også ei laurdagsavis. Men etter denne sterke opplevinga er eg jammen ikkje sikker på at hypotensen min om at Dagbladet ikkje greidde overgangen til nett er forklaringa. Kanskje avisene, generelt, slett ikkje har vorte så mykje verre dei siste tretti åra.
Det same kan ein gjerne seia om nett-debatten før i tida, også, for å avslutta der eg starta. Men eg saknar framleis å lesa Naggum (sjølv om eg sikkert hadde hamna i klinsj med han, noko eg uforvarande gjorde på Usenet eit par gonger, og enda opp med skriftleg grisebank).