Som kronisk, men ofte litt motvillig, anglofil, er det vanskeleg å ikkje forstå deg. Noko fantastisk fjollete ufornuftig over det er det jo også.
Trur eg har sett ein slik ein gong på vegen nokon gong her i landet. Vi var på veg til konfirmasjonen til dottera, og hamna bak ein slik (som verka vera i same ærend). Det ramla ut av meg ei slags orsaking over at eg ikkje kunne køyra
henne til konfirmasjonen i ein Bentley.
Synspunkt på før/etter VAG tok over? (
edit: Etter å ha lese den, må eg vedgå, ganske lett tilgjengelege informasjonen, forstår eg at Continental GT(C) er VAG-Bentley (men fine likevel), medan Continental R var ein heilt annan bil med RR-motor. Helsing anglofil, men ikkje så veldig kunnskapsrik. På vegner av fleire.) Og kvifor ikkje Arnage/Mulsanne?
Sidan vi er i draumebiltråden:
Har alltid vore veldig svak for Rolls-Royce Silver Shadow-en Steve McQueen køyrde i
The Thomas Crown Affair, sjølv om bilen er baby-lyseblå for
mitt indre auga. Altså, kanskje ikkje bilen, men korleis Steve McQueen køyrde rundt i han. («Shouldn’t every millionaire whose hobby is robbing banks own one?»

)
Addendum, malapropos
Nokre bilar er det kanskje best å berre drøyma om? Dagen i går gjekk med til eit transportoppdrag langs E39 (ok, de facto-E39, sidan det alltid er litt uklart kva vegsnutt som har den offisielle tittelen), 350 km t-r. Dette er sumarsesongen, så det er mengder av turistar på vegen. Seint går det også: vegen er ikkje alltid heilt europavegstandard, og iallfall ikkje tilpassa møtande bubilar. Så det vert kø.
I ein slik låg eg, ein times tid, bak to fine, kvite kabrioletar: ein SLK 200 og ein BMW Z4. Snertne. Såg ut til å vera to unge par på feiretur (så gamal er eg, at eg tenkjer slik).
Vêret var fint, ca. 20 grader og lett skydekke. Men ein kile av vemod slo inn i meg; det var ikkje difor dei hadde kjøpt desse bilane. Det er fint langs fjordane på Vestlandet, og vegane burde eigna seg til bilferie, forstått som ein ferie der bilkøyringa er ein del av ferien, ikkje berre transport. Men det å køyra i kø, inneklemd med ein bubil i front og ein litt sliten VW Multivan (meg) bak, i ein kø som beveger seg mellom 50 og 75 km/t, det er ikkje draumen.
Same tanken slo meg då vi hamna bak ein Aston Martin (kan ikkje gjera greie for modellen) på veg opp på Strynefjellet for eit par veker sidan. Sjåføren: ca. 55 år gamal mann med sixpence. Litt kaldare, men vi får gå ut frå at han hadde kledd seg (stillongs?). Same tanken slo meg då: Desse svingane må vera sjølve grunnen til at nokon kjøper sportsbil. Så tvingar køen han til å køyra akkurat like trygt, sikkert og keisamt som vi gjer i Multivan-en bak.
Det å køyra rundt i slike draumebilar må vera som å alltid, desperat, leita etter dei magiske augneblinkane ein har sett føre seg?