Nylig innhold av PX4

  1. P

    Kvar vart det av rørfirmaet Demostenes?

    I haust var det nokre spørsmål her på forumet om Demostenes som plutseleg vart borte. Mange har også lagt merke til annonseringa på bruktbørsen her om at firmaet er til sals. Det er ikkje noko særleg mystisk ved at Demostenes vart avvikla. Det var fleire grunnar til at eg bestemte meg for det...
  2. P

    triodekoplet 813 SE "snuser"

    Du har rett. 125W er ved ICAS. Det tyder at røret tåler 125W anodetap viss det får 'kvilepausar' Før i tida var morse ein av dei viktigaste modulasjonsformen på radiosendarar. Det er på sett og vis eit digitalt signal. Røret er kopla ut i pausane og full guffe på teikna. Av og på...
  3. P

    triodekoplet 813 SE "snuser"

    813 tåler 125W anodetap og du har ikkje meir enn 81W (900V x 90mA. Kva skjer viss du går opp med anodestraumen til 100-120mA? Har du rekna på det?
  4. P

    NRK; Klar en klassiker!

    Ja, no kom nr 1 på plass også. Eg var så sikker på at det var eit Stabat Mater, men så fann eg ut at det var eit rekviem og då gjekk det lett. Nr 2 strevar eg med framleis. Arnold
  5. P

    NRK; Klar en klassiker!

    Så langt kom eg også. Begge døydde i august og har same forbokstav i etternamnet? Eg held ein knapp på den eldste av dei...
  6. P

    Telefunken ECC803S vs Siemens E83CC...

    Hei tom-a, Som akademikar er eg flaska opp med at ein alltid skal oppgje kjelder når ein kjem med eit synspunkt som kan vere nytt eller kontroversielt. Det synest eg er ein grei leveregel på nettet også for her florerer det med så mange synspunkt og påstandar at det er uråd å vite kva ein skal...
  7. P

    Telefunken ECC803S vs Siemens E83CC...

    Ja, i følge Telefunken sine eigne spesifikasjonar på databladet til ECC 803S (datert 01.01.1965) så skulle det bety det. Huff og huff! MEN: Det er slett ikkje sikkert målingane som du har fått er rette. Rørtestarar må kalibrerast regelmessig og ein må bruke Telefunken sitt måleoppsett for...
  8. P

    Telefunken ECC803S vs Siemens E83CC...

    Viss det er slik at du har ei søriøs kjelde til synspunkta dine bør du oppgi denne dersom du vil bli sjølv oppfatta som seriøs. Synspunkta dine om lydkvaliteten til Telefunken ECC 803S røret er heilt subjektive og dermed like mykje (eller lite) verdt som andre sine oppfatningar. Oppleving av...
  9. P

    Telefunken ECC803S vs Siemens E83CC...

    Det er risikabelt å lese på nettet for det er sjeldan folk oppgir kjelder for det dei legg fram. Seriøsiteten til folk er også svært vekslande. Men du har truleg rett, Whistler, i at ECC 803S Telefunken har eit såkalla rammegitter. Eric Barbour skriv det same i ein artikkel om ECC 83 rør i...
  10. P

    Telefunken ECC803S vs Siemens E83CC...

    Nja, no trur eg du er på litt tynn is. ECC 83 og alle ekvivalentane inkludert ECC 803S Telefunken har ikkje rammegitter eller frame grid som det vert kalla på engelsk. Dette er ein spesiell måte å konstruere gitter på i rør som har ekstrem høg steilhet (gm) Typiske slike rør er 5842/417A, E810F...
  11. P

    805 i forskjellige versjoner?

    No har eg samanlikna data på dette kinarøret med RCA 805 ( RCA Transmitting Tubes TT3, 1938) Med unntak av at dette røret ikkje har anoden på toppen og katoden er ein heilt annan type enn på RCA 805, så har røret så nær som identiske data. Det er nesten som eg mistenkjer at dei har kopiert...
  12. P

    Ohms lov for dummies.

    Det er ei litt utviding av Ohm's lov: Effekt (Watt) = Spenning (Volt) * Straum (Ampere) W = Spenning i volt * straum i ampere 12V * 0,05A = 0,6W 0,6W = 600mW
  13. P

    805 i forskjellige versjoner?

    Eg studerte ikkje data på det i detalj, men dei er nok relativt like med 805. Men det er mange andre rør også. Faktisk er rør i same klasse relativt like. Dei kunne ha kalla det noko heilt anna fordi det ser så ulikt ut eit ekte 805 rør. Men sjølvsagt ville mange fleire kjøpe det viss dei brukar...
  14. P

    805 i forskjellige versjoner?

    Nei, 805 skal ha anode på toppen akkurat som du seier. Dette er ein moderne 'klone' som tydelegvis er bygd opp kring eit 211 rør. Du ser det er akkurat same type anode som i 211. Det er også fått ei anna katode enn det originale som har ei thoriumbelagt wolframkatode som tek mykje effekt å gløde...
  15. P

    Hva er fornuftig pris på Quad NOS Mullard EL34 xf4?

    Mullard NOS rør er det ikkje mykje av lenger, men derimot finns det veldig mykje fake. Ekte Mullard produserte før 1980 kan koste alt frå 250 kr og oppover avhengig kor pene dei er og kor mykje brukte dei er. 1000 kr pr stk kan vere ein realistisk pris når vi snakkar om ein matcha kvartett, 4000...
Topp Bunn