Hei!
Eg testa RB 1070 saman med forforsterkar for nokre år sidan. Veldig greie forsterkarar, med evne til å levere nok straum til veldig mykje. Truleg massevis til Mentor 8. Primare A32 har eg ikkje fått høve til å finlytte til, men det er eit beist av ein forsterkar, som visstnok skal kunne spele høgt umiddelbart når du slår han på frå standbymodus. Det kan vere eit pluss.
Om du ikkje spelar svært høgt på jamna, trur eg ikkje Mentor 8 har særleg bruk for meir hestekrefter. Så då er spørsmålet ditt mest relevant når det gjeld andre eigenskapar enn "stor" dynamikk. Eg tek sjansen på å svare ut frå synsing, meir eller mindre kvalifisert:
"Liten" dynamikk - nyanseringsevne. Her er Rotel 1070-anlegget svært godt. Spørsmålet om forbetringar heng då sterkt saman med i kva grad forforsterkaren din gjer jobben. Balanserte anlegg kan vere eit pluss her, spesielt om effektforsterkarane er plasserte tett på høgtalarane med kort høgtalarleidning. Men dette får du ikkje samanlikna, ettersom to mono-Rotelar kan stå tett på høgtalarane, men manglar balansering, og stereo-Primare må stå mellom høgtalarane. Så sjølv om han er balansert, vert ikkje kabelstrekkinga lett å samanlikne. Uvikårleg trur eg skilnaden vil vere heller liten på dette feltet.
Perspektiv, instrumentplassering og oppleving av "luft" rundt instrumenta - dei såkalla holografiske eigenskapane. Veldig viktige for meg, men nesten uråd å seie så mykje om. Hugs berre at alle andre komponentar har mykje dei skulle ha sagt på same område....
Klangbalanse. Dette er lettast å legge merke til i ein A/B-utprøving, men også den faktoren eg opplever som lettast å venne seg til (om det ikkje er under eit visst kvalitetsnivå) Her er forforsterkaren minst dobbelt så viktig som effektforsterkarane. Dette kan du få ei bra formeining om ved å lytte til forsterkarane i butikk, om du har referanse på resten av anlegget. Mange held klangbalansen for å vere det viktigaste, og det får mange til å skifte anlegg. Men eg meiner altså at dette kanskje er den minst viktige kvaliteten.....
Det vert altså vanskeleg å gje råd. Sjølv skal eg på tur til sommaren, og hadde spart pengane. Men dette seier eg no. Eg trur du uansett vert nøydd til å ordne deg ei avtale der du prøver ut den nye forsterkaren ei helg, før du bestemmer deg. Betal inn depositum om det er Soundgarden du handlar med. Dei brukar å vere greie med slikt.