Eg likar Martin Logan svært godt. Aller best likte eg dei fyrste CLS fulltonane, då det var ein solid samanheng i lydbildet. På den tida brukte eg sjølv ein visuelt liknande sak Acoustat 4. Denne hadde betre dynamikk, og spelte skikkeleg bass, men mangla ML sitt fantastisk store (til ein elektrostat å vere) lytteposisjon/"sweetspot".
Då dei mange hybridane dukka opp etter kvart, var framleis sweetspot unik. Men evna til å gje att basstransientar var ikkje god nok til mitt bruk - eg likar å kunne fyre skikkeleg, og sjølv om dei spelar meir enn høgt nok, var bassen ganske ordinær, eigentleg.
Då ein konkurrent (InnerSound) med liknande konsept dukka opp, vart eg interessert. Dette likna svært på ML, men utan boga elektrostatelement. Frekvensane vart altså ikkje spreidde så godt, og sweetspot mykje mindre. Men det plane elementet gjorde at mikrodynamikken (og sikkert også dei store utladningane) vart betre nyansert og "raskare" - kanskje energien treff øyret meir effektivt? I tillegg var basskassa ganske spesiell. Her var det brukt transmisjonslinjekabinett (eit slags "omvendt horn" du kan lese meir om andre stadar). Dette gjorde meg endå meir nyfiken. Eg hadde eigd dei legendariske tranmisjonslinjehøgtalarane IMF TLS 80II frå 78 - 82, og var imponert over dei positive sidene (men ganske frustrert over dei negative sidene) som eg trudde var ein konsekvens av prinsippet. Det at InnerSound hadde lagt delefrekvensen mellom elektrostat/bass på 400 Hz, hadde aktiv deling, og ein eigen bassforsterkar i konseptet, var også spennande, så då det dukka opp ein brukt, slo eg til.
Eg har ikkje angra mykje. Elektrostatar er vanskelege å plassere pga bassen, og den var ikkje elektrostatisk her. Dei kan stå ganske nær både bak- og sideveggar, og er ein nøye på å ha lik avstand og symmetrisk plassering, er det dei enklaste slike eg har vore bort i.
Så fekk eg høyre Martin Logan Summit på messe i haust. Rommet var langt frå ideelt, men her høyrde eg at ML endeleg hadde fått orden på samanhengen mellom basselementet og elektrostaten, akkurat som InnerSound. Med to høgtalarterminalar er det kanskje råd å få til aktiv deling og biamping her også...Høgtalaren er litt for dyr for meg, og eg er i utgangspunktet fornøgd med det eg har, men her er det eit STORT potensiale eg gjerne skulle utforska.
Det vart mykje om mine eigne høgtalarar, men eg trur ikkje du gjer dumt i å satse på Aeon. Dette er svært nøytrale og detaljrike høgtalarar. Dersom du har behov for å rocke og ha dei store symfoniorkesterverka spelt med ordentleg lydtrykk, er større modellar verd å vurdere, men om du ikkje har husvære (einebustad og godt lytterom) som passar, er det slett ikkje sikkert at det er det luraste.
Pass på å plassere høgtalarne symmetrisk, med nøyaktig lik avstand til bakvegg, lik vinkling mot lytteposisjon, og bruk skikkeleg elektronikk. Eg likar best rør til elektrostat, men det er masse andre alternativ som andre likar betre.
Lukke til!