Det burde vera ganske klart at eg sjølv står ein plass på venstresida.
Medan eg står for dei aller fleste typiske venstreside-sakene i dag (nokre av dei kjenner eg sterkt for), filosoferte eg litt over korleis og kvifor eg eg hamna der eg gjorde, og om eg kunne vorte høgremann, td. Spørsmålet må nesten stillast i fortid, fordi eit slikt skifte i dag for meg ville vore eit uttrykk for personleg kollaps og krise, på linje med å skifta til bokmål eller lata meg døypa i Den katolske kyrkja.
Konklusjonen var vel: kanskje.
Men då eg var var 16, og budde heime i huset i byggjefeltet, ein time (den gongen) utanfor Bergen, så var det aldri høgresida som var dei kule. Unge Høgre var dei systemlojale: Dei som ville ta den utdanninga som heilt sikkert gav ein god jobb (men helst utan å arbeida for det), dei som gjekk i dyre merkeklede, festa på ekle måtar og som sat i gutegarderoben og gav talkarakterer til jentene i klassen. Kort oppsummert: Dei som anerkjende systemet for status, hierarki og suksess, og ville spela det spelet. Lojalistane. Dei som elska sport (særleg fotball).
Det var ein gjeng eg aldri kunne vore med i, og som aldri framstod som friske og opprørske i mine augo.
Dersom eg hadde nærma seg politikken fem år seinare, kven veit kvar eg hadde hamna. Meir mot midten, kanskje?
Ein slags konklusjon: Kudos til dei som er 30+ og faktisk vurderer, aktivt, heile denne veka kven dei skal røysta på.