Eg har ganske ofte erfart at eg opplever skilnad på lyd frå medium til medium, dings til dings, og endåtil frå gong til gong. Difor brukar eg ein skala når eg får lyd-noia:
nivå 0 - eg trur ikkje det er skilnad
1 - eg er usikker på om det var skilnad
2 - eg trur det er skilnad, men finn ikkje samsvar når eg gjer A/B-testing (ingen gjer ABX-testar med meg. Det er så teit, seier omgjevnadane. Og så har dei ikkje tid)
3 - eg opplever skilnad, men gidd ikkje bry meg noko vidare
4 - skilnad opplevast i slik grad at eg bryr meg med å tenkje over at kanskje A er betre enn B
5 - skilnaden er såpass stor at eg bestemmer meg for at A er å føretrekke framfor B
6 - Skilnaden er så stor at eg får lyst på A. Og eg vurderer om A bør kjøpast, sjølv om A er dyrare enn B (svært sjeldan har eg opplevd at B er dyrast)
7 - skilnaden er så stor at eg kjøper/brukar A, (og gjerne kvittar meg med B)
8 - eg opplever lukka saman med A så stor at eg ikkje tenkjer på B noko meir.
9 - eg opplever lukka saman med A så stor at eg knapt gidd tenkje på at det kanskje finnest ein C der ute.......