Ser at Zombie oppklarar dette med mikrodynamikk, men eg slengjer ut litt, eg også:
Eg har funne det naturleg å snakke om mikro og makro i hifisamanheng, fordi det er to aspekt av dynamikkeigenskapane i musikk som det er lett å henge seg opp i.
Mikrodynamikk er nyanseringsevna, kor godt eit anlegg (eller eit orkester) nyanserer lydstyrken. I musikk brukast skalaen Pianissimo -piano - mezzo - forte - fortissimo. Og massevis av mellomnyansar. Eitt instrument har i prinsippet uendeleg med variasjonar, sjølv om utøvaren gjerne legg seg på ein "mellomting" (Mezzoforte) som han har som plattform, og endrar etter beste evne. Eit stort symfoniorkester har endå fleire variasjonar, slik at dei ulike instrumentgruppene - og dei einskilde instrumenta- kan gjere ting som er verkeleg innfløkt å fylgje. Det kan vere svært stor variasjon i korleis eit anlegg fiksar dette.
Makrodynamikk er vi glade i - evna til å ta han heilt ut. Skrivast med musikkspråket ved hjelp av fire f-ar i notane. Å høyre eit orkester gje alt, er ganske valdsamt. Det skjer ikkje ofte, og er gjerne ikkje sett pris på andre som ikkje sit i sweetspot, men det er desto kjekkare å høyre på for akkurat desse. Og så har vi alle dei som skal ha festmusikk på full guffe. Greitt at anlegget tåler slike aktivitetar....med meir sivilisert framferd, hadde CerwinVega hatt tunge tider.
Eg tilstrebar nettopp desse dynamikkeigenskapane, mikro og makro, fordi eg opplever så mykje av heile vitsen med musikken akkurat i dette. To andre aspekt eg vil ha med, er perspektiv/tredimensjonalitet og klang/frekvensattgjeving Når alt dette er på plass, er eg til vanleg fornøgd.