GM 100 er eit stort russisk rør som har vore vist før her på sentralen og som ein kan finne litt informasjon om på nettet.
Det er ei triode av ein heller gammelmodig konstruksjon, og det er nok Marconi/Osram sine store sendarrør på tidleg 1920 tal som har vore modellen.
Røret har dimensjonar som gjer det imponerande: høgde 49cm og diameter 20 cm. Røret 845 er no eit ganske stort 'normalt' rør, men det forsvinn nesten ved sida av GM 100. Sjå biletet under.
Katoden er av rein wolfram og ved ei glødespenning på 17V lyser det som ei lyspære. Glødestraumen går opp mot 19A, så berre glødeeffekten er over 300W! Røret er berekna til audio- og høgfrekvensforsterking, men ikkje særleg høgre frekvens enn 10Mhz eller deromkring vil eg tru. Forsterkingsfaktoren er rundt 15 - 20, altså omtrent som på 211 røret. Maksimalt anodetap er 1000W og anodespenninga kan vere opp til 5000V, men røret fungerer fint på mindre også.
To slike har no kome til heimen...

Vedlegg
-
52.1 KB Visninger: 555