Slipinga er avgjerande for platestøyen. Og det kjem litt an på kva slags plateslitasje ein har med å gjere. Har du ein VdH type 2-stift, er denne fysisk svært liten, og går djupt ned i rilla, der slitasjen ikkje merkast (til gjengjeld kan her vere mykje skit, slik at platevask er på sin plass). Ein svær konisk eller elliptisk stift ligg lenger oppe, og fangar gjerne opp slike striper som synest på vinylen.
Den pickupen eg har opplevd har brydd seg minst om platestøy er Koetsu Black. Dei som bryr seg mest, er visse rimelege MM-pickupar frå Clearaudio.