Det er noko med platespelarar og straumforsyningar.....tykte det var stor skilnad på VPI Scout, som slutta stram rett til nettet, og SuperScoutMaster, som brukte ei eiga SDS straumforsyning fyrst, men det var mange faktorar som var ulike under desse to utprøvingane. Dei beste platespelarane eg har prøvd, gjer litt ut av straumforsyninga til motoren.
Når det gjeld sjølve straumkabelen er eg usikker på om denne verkar inn på lyden. Eg prøvde ut ulike straumkablar inn på eit riaatrinn, og kunne då ikkje avgjere skilnadar ut frå kva eg sjølv høyrde. No går det svært lite straum på ein riaa, så det er kanskje effekt andre stadar.
Uansett tykkjer eg det er fint at folk deler sine erfaringar, og subjektive opplevingar. At vi høyrer "placebo" innimellom nokon og einkvar, er vel sannsynleg, men det er ingen grunn til å skremme kvarandre bort. Det må vere både lov å hylle keisaren, så vel som å påpeike mangelen på klede når ein har slike inntrykk...